Arne Bjørlykke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Bjørlykke
Fødd3. oktober 1943
NasjonalitetNoreg
Yrkeingeniør, geolog, professor, gruveingeniør, museumsdirektør
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materNoregs tekniske høgskole
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Arne Bjørlykke (fødd 3. oktober 1943) er ein norsk geolog og son av av Harald Bjørlykke.

Han tok utdanning som bergingeniør ved NTH (no NTNU) i Trondheim og var tilsett ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) frå 1968 til 1984. Frå 1984 og fram til 1994 var han tilsett som professor i mineralogiske ressursar ved Universitetet i Oslo og vart så administrerande direktør ved NGU i fram til 2006, då han vart seniorforskar ved NGU. I 2009 tok han over som direktør ved Naturhistorisk museum (NHM) i Oslo.

Bjørlykke har særleg drive innan ressursgeologi, mellom anna gullmineralisering. Han har delteke i mange offentlege utreiingar og vore delegat ved internasjonale havrettsforhandlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]