Arne Blix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Blix
Fødd 20. september 1954
Lyngen
Yrke jurist, redaktør

Arne Blix (fødd 20. september 1954 i Lyngen kommune) er ein norsk jurist (cand.jur. i 1986) og sjefredaktør i Adresseavisen.

Frå 16. november 2006 var han konstituert som sjefredaktør etter at Gunnar Flikke gjekk av 11. april 2007 vart han tilsett som sjefredaktør i Adresseavisen, der han har vore tilsett sidan 1985 og redaktør sidan 1995, først som med ansvar for utvikling og kompetanse og seinare som nyheitsredaktør. Han leia arbeidet med omlegginga av Adresseavisen frå fullformat til tabloid.

Blix studerte jus på eiga hand medan han var VG sin einaste journalist i Midt-Noreg og var før det journalist i Bladet Tromsø frå 1976. Han har òg skrive lærebok i journalistikk, bygd opp journalistutdanninga i Bodø og var amanuensis i journalistikk i 1988. Internt i Adressavisen skapte han «Adressaskolen».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Omsett frå «Arne Blix», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:25.