Lyngen kommune
- For fjorden med same namn, sjå Lyngenfjorden.
Lyngen kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Fylke | Troms | |
Adm.senter | Lyngseidet | |
Areal | 813 km² | |
- land | 797 km² | |
- vatn | 16 km² | |
Folketal | 2 877 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 4 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Dan Håvard Johnsen (LL) | |
Kommunenr. | 1938 | |
Wikimedia Commons: Lyngen | ||
Nettstad: www.lyngen.kommune.no | ||
Lyngen kommune (samisk Ivggu suohkan, kvensk Yykeän komuuni) er ein kommune som ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0).
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstanden mellom fjordane er berre tre kilometer.
Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).
Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.
Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og tronge dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.
Tettstader[endre | endre wikiteksten]
Sjå og[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lyngen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
