Arne Halse
Arne Halse | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. oktober 1887 Kristiansund kommune |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 172 centimeter |
Far | Dyre Halse |
Arne Halse på Commons |
Arne Halse (20. oktober 1887–3. juli 1975) var ein norsk friidrettsutøvar som tevla i spydkast, både i fristil og det som den gongen var vanleg spydkast. Han vann OL-sølv i spydkast med begge armar under Sommar-OL 1908, samt OL-bronse i spydkast med beste arm (fristil). Halse var medlem av Trondhjems IF, seinare av Sportsklubben Brage.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Halse, som var fødd i Kristiansund og oppvaksen i Trondheim, var son til den framgangsrike forretningsmannen Dyre Halse. Arne Halse vart norsk meister i spydkast i åra 1905, 1906, 1907 og tok sølvmedaljen i 1909. Åra 1906 og 1907 vart han noregsmeister også i kulestøyt, i 1909 fekk han bronsemedaljen i øvinga.
18 år gammal deltok Halse i Sommar-OL 1906 i Aten og vart nummer sju i spydkasting med beste arm. To år seinare vann han sølvmedaljen i vanleg spydkast og tok bronsen i fristil-øvinga under dei olympiske leikane i London. Han deltok også i kulestøyt. Under Sommar-OL 1912 i Stockholm kom han på femteplass i spydkast (venstre + høgre arm) og 7. plass i vanleg spydkast.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arne Halse» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1887
- Døde i 1975
- Norske spydkastarar
- Norske kulestøytarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under sommar-OL 1906
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1906
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1908
- Norske deltakarar under sommar-OL 1908
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1908
- Norske deltakarar under sommar-OL 1912
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1912
- Folk frå Trondheim
- Folk frå Kristiansund