Hopp til innhald

Arne Jon Jutrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Jon Jutrem
StatsborgarskapNoreg
Fødd2. august 1929
Aker kommune
Død

15. september 2005 (76 år)
Jevnaker

Yrkekunstmålar, professor

Arne Jon Jutrem, fødd Johansen (fødd 2. august 1929 i Aker (Oslo), død 15. september 2005 Jevnaker), var ein norsk glaskunstnar, designar og biletkunstnar kjent både for sine glas med stram og skulpturell karakter i tillegg til sine måleri, som er representerte i norske og utanlandske kunstindustrimuseum og kunstgalleri.

Jutrem vart utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i perioden 1946 til 1950, og fekk dette året arbeid som designar ved Hadeland Glassverk. I denne perioden vann han òg den nordiske formgjevingsprisen Lunningprisen i 1959. I perioden 1963 til 1966 var han frilansdesignar for Holmegaard Glasværk i Danmark, før han deretter var designar ved PLUS i Fredrikstad. Mot slutten av 1960-talet vigde Jutrem arbeidet sitt til bildekunsten, etter å ha debutert som måler alt på starten av 1950-talet.

Gjennom 1970-talet markerte han seg som både målar og grafikar, før han i 1984 igjen vart knytt til Hadeland Glassverk, men denne gongen som kunstnarisk leiar. I 1982 vart han òg knytt til Høgskolen i Oslo, der han var dosent og professor i estetikk. I 1992 vann han Jacobprisen delt ut av Norsk Form, og det same året vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for brukskunstrørsla i Noreg.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]