Hopp til innhald

Arnhild Skre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnhild Skre
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. mai 1952 (73 år)
Bergen Sjå dette på Wikidata
Yrkejournalist, skribent, redaktør, historikar, biograf
EktefelleNils Butenschøn Sjå dette på Wikidata
PrisarBrageprisen i åpen klasse

Arnhild Skre (fødd 19. mai 1952 i Bergen) er ein norsk journalist og forfattar, busett i Ytre Enebakk.

Skre er oppvaksen i Bergen, på Voss, Stord og i Gausdal, innan ho tok artium på engelsklinje med kunsthistorie og teikning på Lillehammer gymnas i 1971. Ho tok hovudfag i historie i 2003.

Skre var journalist i NRK Hordaland og Middagsstunden 1980 - 1982, og journalist og seinare redaktør i vekeavisa Dag og Tid 1984 - 1993. Frå 1993 har ho vore journalist og kommentarskribent i Aftenposten med ansvar for kulturstoff og universitetspolitikk. Skre har også gjeve ut ei rekkje bøker. Ho fekk Brageprisen 2011 i open klasse for biografien Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Boka vart også kåra til Årets nynorskbok i 2011 av lesarane til Dag og Tid.[1]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Innvandra mat (1988)
  • Dagmammaer i dagslys (1991)
  • Heltinner jeg har møtt (2005)
  • La meg bli som leoparden : Ragnhild Jølsen - en biografi (2009)
  • Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
  • Formødrenes stemmer: Kvinneliv rundt stemmeretten (2012, red. med Audgunn Oltedal)
  • Kald krigs kviskring: Barndom under den kalde krigen (2017) ISBN 9788252193565
  • Theodor Kittelsen – Askeladd og troll (2015) ISBN 9788203294143
  • Berge Furre : eit liv i rørsle (2022)
  • Årgangstekstar : journalistikk, essayistikk og litt forsking 1985-2020 (2022)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Karin Helgøy (20. januar 2012). «PRESSEMELDING: Hulda Garborg-biografi kåra til Årets nynorskbok av lesarane i Dag og Tid». Litteraturselskapet Samlaget. Henta 29. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]