Arnie Norse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnie «Skiffle Joe» Norse (fødd 14. mai 1925) er ein veteran i norsk populærmusikk, kjend frå skjenkestaden Tranen i Oslo, ei lang rekke utdrikkingslag, nokre fjernsynsopptredenar og eigenproduserte kassettutgjevingar. Han var utdanna typograf før han slo gjennom med singlen «Mexico-Joe» i 1950-åra.

Syklande på eitthjulssykkel med gitar og cowboyhatt har han sjarmert seg inn i norske hjarte med slagerar som «Misjonær i gryta», «Min lille kone (som legger seg på ryggen for ei krone)» og «Jælp mæ å rime (Den sensurerte bært-bært-visa)».

Han har i mange år opptredd kvar veke på Tranen saman med kona og bandet deira. Sjølv om einhjulingen no er parkert, heldt Arnie i august 2011 framleis koken.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!