Arne Bendiksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Bendiksen
The Monn Keys (cropped) - Arne Bendiksen.jpg
Fødd 19. oktober 1926
Bergen
Død

26. mars 2009 (82 år)
Bergen

Yrke songar, komponist, låtskrivar, dirigent, plateartist, songtekstforfattar, platebransjeleiar
Arne Bendiksen på Commons

Arne Joachim Bendiksen (fødd 19. oktober 1926 i Bergen, død 26. mars 2009) var ein norsk songar, låtskrivar og plateprodusent.

Han hadde på 1950- og 1960-talet stor påverknad innan norsk populærmusikk. Først var han kjend som medlem av gruppa The Monn Keys, og seinare som solist og låtskrivar for andre artistar.

I tillegg til å skrive eigne songar, omsette Arne Bendiksen mange utanlandske slagerar til norsk. Han har og delteke i Melodi Grand Prix ei rekkje gonger, både som artist, komponist og dirigent. I Eurovision Song Contest 1964 framførte han Noreg sitt bidrag; «Spiral». Då avstemminga var over, hadde han fått seks poeng og hamna på ein åttande plass av seksten deltakarar.

I 1995 mottok han juryen sin heiderspris under Spelemannprisen og vann Gammleng-prisen i klassen veteran i 1992.

Han stod for lanseringa av kjende artistar som Wenche Myhre og Kirsti Sparboe.

I 1996 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kategori:Songar skrivne av Arne Bendiksen.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]