Arnold Nordal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnold Nordal
Fødd19. mai 1909
Syvde
Død16. august 2002
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Arnold Sofus Nordal (19. mai 190916. august 1992) var ein farmakognost frå SyvdeSunnmøre. Han var professor i farmakognosi, læra om medisinplantar og naturstoff, ved Universitetet i Oslo.

Nordal tok apotekarutdanning (cand. pharm.) i 1936 og doktorgraden i 1947. Sidan 1948 var han professor i faget ved Universitet i Oslo. Frå tidleg hadde han interesse for folkemedisin og legeplantar. I løpet av doktorgradsarbeidet isolerte Nordal ei fram til då ukjent sukkertype, sedoheptulose, som seinare spelte ei viktig rolle for nobelprisvinnaren Melvin Calvind og hans arbeid med plantars fotosyntese.

Nordal var knytt til Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo i mesteparten av sitt arbeidsliv. I 1953-54 arbeidde han ved University of California i Berkeley og på 1950- og 60-talet leidde han eit utviklingsprosjekt i FN-regi i Burma, der ein dyrka lokale medisinplantar.

Nordal var ein ettertrakta føredragshaldar i mange fora og ein populær førelesar ved Farmasøytisk institutt. Han var medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1964 og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1979.

Han døydde i Bærum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]