Arr i botanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå arr.
Teikning av blome med arr (stigma) avmerka.

Arr eller stigma viser i botanikken til den øvste delen av fruktemnet i ein blome. Det er mottaksstaden for pollen under pollineringa. Hjå dei fleste blomstrande plantane sit arret på den øvste delen av griffelen. Hjå plantar utan griffel sit arret direkte på fruktknuten.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Arret fangar pollen som er blitt overført av insekt eller svever med vinden eller kjem via strøymande vatn. I tillegg til å fanga pollen kan arret også ha i oppgåve å oppfatta om pollenkornet er kompatibelt (passar til planten). Kompatibelt pollen som set seg på arret blir hydrert og spirer der. Pollenslangen veks nedover i fruktemnet til han oppnår kontakt med frøemne som sit i fruktknuten.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ulike arrutformingar.

Arret har mange ulike utformingar hjå ulike artar. Dei kan vera lange og smale eller kuleforma, fjørforma eller lika hår. Om fleire fruktblad har vokse saman kan arret danna arrfliker eller ei arrskive.

Overflata til arret er dekt av celler med papilleforma utvekstar.

Arr kan også vera anten våte eller tørre, alt etter planteart. Våte arr har ei klebrig væske som inneheld protein, lipidar og karbohydratslim. Tørre arr har ein ytre cellevegg dekt av kutikula og ein pellikel med protein.

Bruk i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Safrankrokus

Arret og griffelen til safrankrokus (Crocus speciosus) blir bruka til krydderet safran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]