Arteriepinsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arteriepinsettar med rett og krumma spiss.

Ein arteriepinsett (også kalla ei arterieklemme eller ein peang, etter Jules-Émile Péan) er ein kirurgisk reiskap som blir brukt i ulike kirurgiske inngrep for å kontrollere bløding. Det er ikkje uvanleg at eit innleiiande innsnitt er omringa av fleire arteriepinsettar som klemmer av blodårene i påvente av ligering, særleg i startfasen av inngrepet. Arteriepinsetten høyrer til ei gruppe instrument som dreier rundt eit fast punkt, i likskap med sakser, nålehaldarar, vevstenger og ulike klemmer, der strukturen på spissen avgjer bruksområdet.

Arteriepinsetten har handtak som kan festast med ein låsemekanisme. Denne mekanismen er samansett av små tenner, nokre få i kvart handtak, slik at brukaren kan låse instrumentet og styre krafta i tonga. Når tonga er fastlåst så er krafta mellom spissane om lag 40 N (9 lbf).

Arteriepinsett er ofte del av fyrstehjelpsskrinet til sanitetssoldatar og ambulansepersonell. Den blir også brukt som kjøleribbe ved lodding av elektriske krinsar; for å halde filteret i marihuana-sigarettar; av fiskarar for å fjerne kroken frå munnen til fisken; av bilmekanikarar for å handsame mutrar, boltar og skruar i tronge område; og som ein reiskap for å mate byttedyr til krypdyr i fangenskap og eksotiske invertebratar utan å bli stukken eller biten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste kjende teikninga av eit dreiande kirurgisk instrument stammar frå 1500 fvt., og er innskrive på ei grav ved Thebes i Egypt. Ein har også funne liknande instrument av bronse og stål i Pompeii. Kring 800 evt. laga Abu al-Qasim illustrasjonar av eit instrument med dreiing, meint for å brukast til tanntrekking.

Bec de Corbin («kråkenebbet»)

Konseptet med å klemme av ei blodåre før ein knytar ho er vanlegvis tilknytt Galenos (ca. 100 evt.). Denne metoden for å skape hemostase blei i stor grad gløymd, før den blei oppdaga att av den franske barber-kirurgen Ambroise Paré på 1500-talet. Paré laga føregjengaren til den moderne arteriepinsetten og kalla instrumentet sitt for Bec de Corbin («kråkenebbet»). Med denne kunne han klemme av blodårene før han sikra dei med ein ligatur.

Den moderne arteriepinsetten er godskriven til fleire personar, og særleg til den franske kirurgen Jules-Émile Péan. Kirurgar som William Stewart Halsted har medverka til små endringar i ettertid.

Ulike arteriepinsettar[endre | endre wikiteksten]

  • Arteriepinsett, Rankin
  • Arteriepinsett, Crile
  • Moskitoklemme
  • Mixter, rettvinkla

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


  • Phillips N.; Sedlak P. (2010) Surgical Instrumentation, Cengage, Clifton Park, NY.