Arthur Brox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arthur Brox (7. april 190125. januar 1973) var ein nordnorsk folkeminnesamlar, norsklærar og lokalpolitikar.

Brox var fødd i Tromsøysund. Han studerte ved Tromsø lærerskole i 1923, og ved Noregs lærerhøgskole i 1949. I åra 1924–52 arbeidde han som gardbrukar og lærar i Medby i Torsken kommune, seinare vart han lærar og skolestyrar på Borgtun i Tromsø i åra 1953–61. Til saman har han vore lærar i 28 år i Torsken, og han var ordførar i kommunen i åra 1946-51.

Brox har gjort ein stor innsats som kulturhistorikar med nordnorsk perspektiv. Hovudverket hans er Berg og Torsken bydgebok, som er skrive på nynorsk og er utgjeve i to bind. Han gav seinare ut Kulturminne frå Ytre Senja som også kom ut i to bind.