Hans Kristian Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Kristian Eriksen
Fødd 4. april 1933
Kiberg
Død

8. juni 2014

Yrke redaktør, skribent, lyrikar

Hans Kristian Eriksen (fødd 4. april 1933 i Kiberg, død 8. juni 2014) var ein norsk forfattar og lyrikar, busett på Stonglandseidet i Tranøy.

Forfattarskapen hans har motiv frå nordnorsk kultur, natur og historie, og han har særleg skrive om kvenar og andre verdskrig.

Eriksen grunnla i 1978 Nordnorsk Magasin, der han var redaktør fram til 2005.

Eriksen var med i styret for Sør-Senja Museum.

Hans Kristian Eriksen var statsstipendiat frå 1992.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Partisaner i Finnmark, dokumentar frå andre verdskrig, 1969
  • Der laks leker – og fugl flyr, 1970
  • Partisanenes død, dokumentar fra andre verdenskrig, 1972
  • Gamle Tranøy, 1972
  • Vandrere i Grenseland, dokumentarisk om kvenar, 1973
  • Fiskeren og Vårherre, noveller, 1975
  • Den lange brødvegen, noveller, 1978 (Nynorsk)
  • Partisaner i nord, forkorta utgåve av Partisaner i Finnmark og Partisanenens død, 1979
  • Kjølnesvisa, gjendikting, med Idar Kristiansen, 1980
  • Barnet og krigen, tekstar, 1983 (utvida utgåve 2003)
  • Flukten til havet, ungdomsbok om Juhani og Hilja og livet blant kvenar, Tiden Norsk Forlag, 1985 (Dialekt)
  • Songen om Senja og jorda, dikt, 1989
  • På mjuke skinnsko gjennom historia : Nordkalott-folk fra regnbuen øst for Enare til en gamme vest på Senja, 1989
  • De kuer oss aldri! : Jørgund Sivertsen og partisanene : En kvinnesaga om krig og tortur, smerter, sorg og lidelse, dokumentar, 1993
  • «Triumf og tragedie» : Løkvika/Kirkenes 1942-43 : partisanvirksomheten i nord, dokumentar, 1995