Arvesynd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arvesynda blir ofte knytt til Syndefallet til Adam og Eva. Teikning av Bartholomeus Spranger frå rundt 1600.

Arvesynd er den teologiske neminga for synd som kvart menneske ifølgje kristen lære er fødd med. Arvesynda består både av skyld som er blitt arva og av dei ibuande syndige tendensane og mangel på gudsfrykt i mennesket.

Læra om arvesynd er skissert av Paulus i Rom 5,12–19 og vidare utvikla av kyrkjelærarane i Oldkyrkja som bakgrunn for den kristne læra om frelse og grunngjeving for barnedåpen. Arvesynda blei vanlegvis sett på som ein følge av eit historisk syndefall av stamfaren til menneskja, Adam (1 Mos 3). Nyare teologar søker ofte å halda på teorien uten den historiske grunngjevinga.

Trua på arvesynd er utbreidd i ulike kyrkjesamfunn, men rekkjevidda og vesenet til denne synda er tolka ulike. Den lutherske læra finst i Den augsburgske vedkjenninga, art. 2, og i Melanchthons apologi, ad art. 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Arvesynd» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. januar 2015.