Asbjørn Granheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Granheim
Fødd1. januar 1906
Død27. januar 1977 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1954–1957)
  • vararepresentant til Stortinget (1958–1961)
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969) Sjå dette på Wikidata

Asbjørn Granheim (1. januar 190627. januar 1977) var ein gardbrukar og politikar frå Nord-Aurdal. Han var ordførar i kommunen i 26 år og representerte Oppland og SenterpartietStortinget 1969-73.

Granheim var son til ein gardbrukar i Ulnes-grenda, dreiv sjølv farsgarden frå 1932. Han engasjerte seg tidleg i politikken. Frå 1931 til 1971 var han medlem i Nord-Aurdal kommunestyre, bortsett frå dei fire åra under andre verdskrigen med NS-styring. Han var varaordførar 1937–41 og i 1945, sidan ordførar frå 1945 til 1971. I tillegg var han 1960-71 med i skulestyret og 1964-71 i helserådet i Nord-Aurdal. Granheim var mykje oppteken av kraftforsyninga, såleis medlem i Samarbeidsnemnda for elforsyninga for Valdres og Vestoppland i tida 1948-63 og elles medlem i elektrisitetsnemnda i Nord-Aurdal frå 1952 til -74. Også medlem i Forliksrådet 1952-71.

Hausten 1969 vart Granheim vald til stortingsrepresentant frå Oppland, etter han hadde vore varamann i den førre fireårsbolken. På Stortinget var han 1969-72 medlem i Protokollkomiteen. Då Korvald-regjeringa kom til makt i oktober 1972, vart han flytta over i Administrasjonskomiteen. Han stilte ikkje ved stortingsvalet 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]