Ashraf Ghani
Ashraf Ghani | |
Fødd | 12. februar 1949 (72 år) |
---|---|
Parti | Uavhengig politikar |
1. verv | President av Afghanistan |
- periode | 29. september 2014- |
- føregangar | Hamid Karzai |
2. verv | Finansminister i Afghanistan |
- periode | 2. jumi 2002-14. desember 2004 |
3. verv | Rektor ved Universitetet i Kabul |
- periode | 22. desember 2004-21. desember 2008 |
Barn | 2 |
Religion | Muslim |
Ashraf Ghani Ahmadzai ( اشرف غني, اشرف غنی, (fødd 19. mai 1949) er presidenten av Afghanistan sidan september 2014. Ashraf Ghani er utdanna antropolog og var tidlegare rektor ved Universitetet i Kabul. Han var finansminister i Afghanistan frå 2002 til 2004. Før dette arbeidde han for Verdsbanken.
Ashraf Ghani har lenge lagt fram idear om korleis ein slik øydelagd stat som Afghanistan kan byggjast opp att økonomisk. Han var med på å skipa Institute for State Effectiveness i 2005 og er med i Commission on Legal Empowerment of the Poor, ein sjølvstendig organisasjon tilknytt Utviklingsprogrammet til SN.
Ashraf Ghani tilhøyrer ahmadzai-stammen, ein av dei største pasjtunarstammane. Bror hans Hashmat Ghani Ahmadzai er leiar for rådet til Kochi-folket.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ashraf Ghani» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2014.
- «Democracy, Afghan-style», The Economist (Sep 27th 2014)
- «Ashraf Ghani against the chaos», The Economist (Nov 22nd 2014)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ashraf Ghani ved Economist.com
Denne samfunnsartikkelen som har med Afghanistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.