Hamid Karzai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamid Karzai
Hamid Karzai listens to Barack Obama in Kabul 2012 (cropped).jpg
Fødd 24. desember 1957 (63 år)
Karz
Yrke politikar
Verv President i Afghanistan
Periode 22. desember 200129. september 2014
Føregangar Burhanuddin Rabbani
Etterfylgjar Ashraf Ghani
Hamid Karzai på Commons

Hamid Karzai (fødd 24. desember 1957) var den første valde presidenten i Afghanistan, frå 7. desember 2004 til 29. september 2014. Frå desember 2001 hadde Karzai vore leiar av ein mellombels administrasjon i landet, og han var mellombels president frå 2002.

Karzai vart fødd i landsbyen Karz i Kandahar-provinsen søraust i Afghanistan.[1] Han høyrer til folkegruppa pasjtunarar[2] og den mektige Populzai-klanen.[1] Far hans, Abdul Ahad Karzai, var visepresident i det afghanske underhuset på 1960-talet. Bestefar hans, Khair Mohammad Khan, tente i den afghanske sjølvstendekrigen i 1919 og var visepresident for overhuset. Familien til Karzai var sterke støttespelarar for Zahir Shah, den siste kongen av Afghanistan.

Hamid Karzai utdanna seg i Kabul og i Simla i India.[2] Han blei informasjonsdirektør for Afghan National Liberation Front (ANLF), som kjempa mot den sovjetiske okkupasjonen, i 1982.[2] Han støtta i førstninga den nye motstandsrørsla Taliban, men såg etterkvart på rørsla som styrt av utlendingar, og gjekk imot dei i 1994.[2] Han skal ha vore med på å driva Taliban ut av Kandahar i 2001.[2]

Med amerikansk støtte blei han mellombels leiar for landet etter at Taliban var kasta.[2] Han vart vald til president gjennom presidentvalget i Afghanistan i 2004, og vart gjenvald i 2009. Særleg det siste valet var prega av kontrover og påstandar om valfusk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Burke, Jason (7. mars 2008), «Hard man in a hard country», The Guardian, henta 2. april 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Profile: Hamid Karzai», BBC News, 5. januar 2010, henta 2. april 2016