Ashram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Advaita Ashrama i Mayavati frå ordenen Ramakrishna Math.

Ashram eller asjram er ein stad for kommunal tilbaketrekking i hinduismen, noko liknande eit klostervesen. Frå gammalt av her menn og kvinner, også ektepar, samla seg i ei gruppe hytter i skogen, der dei kunne leva eit fromt og enkelt liv og driva religiøse studiar og øvingar under leiing av heilage menn.

Ashram-ideen er blitt teken opp av nye indiske leiarar som Gandhi (som Sabarmati Ashram ved Ahmedabad), Aurobindo (i Puducherry) og Tagore (ved Shantiniketan i Bengal). Andre kjende ashramar er Sivananda Saraswati og Maharishi Mahesh Yogi sine ashramar ved Rishikesh. På 1960-talet vitja mange vestlege kjendisar, som The Beatles, Maharishi-ashramen.

Også kristne har oppretta ashramar i India, både innfødde nasranikristne og misjonærar. Andre er blitt inspirerte av ideen til å oppretta ashram-samfunn i Vesten (til dømes Communauté de l'Arche/Community of the Ark oppretta av Lanza del Vasto i 1948). Andre ashram-senter kan fokusera på kurs i yoga, ayurveda og liknande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]