Ashton Eaton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ashton Eaton

Ashton Eaton 2 Daegu 2011.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 21. januar 1988
Portland i Oregon
Idrett friidrett
Yrke combined track and field event athlete

Ashton James Eaton (fødd 21. januar 1988 i Portland i Oregon) er ein USA-amerikansk mangekjempar og olympisk meister. Eaton held både den noverande verdsrekorden i tikamp og i innandørs sjukamp.

Verdsrekorden i tikamp vart sett under OL-uttaka i Portland i 2012 - på 9039 poeng. [1] Då han debuterte i London-OL vann han olympisk gullmedalje med 8869 poeng i tikamp.

Rekorden i innandørs sjukamp vart også sett i 2012, under VM i Istanbul (6645 poeng). [2] Dette var ei forbetring av to tidlegare verdsrekordar av Eaton.

Under VM i friidrett 2011 i Daegu vann han sølvmedalje med 8505 poeng. Sommaren 2013 vart han verdsmeister i tikamp med 8809 poeng under VM i friidrett 2013 i Moskva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.