Asjokaedikta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Asjoka-edikta)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvar ein har funne Asjoka-edikt.[1]

Asjokaedikta er ei samling av 33 tekstar som er rissa inn i fleire asjokasøyler, kampesteinar og holeveggar i Sør-Asia. Søylene blei reist under mauryaherskaren Asjoka den store (334-232 f.Kr.).

Gresk og arameisk innskrift på Kandahar-ediktet.
Fragment av det sjette søyleediktet til Asjoka den store i brahmiskrift. Sandstein frå Mauryariket.

Dei offentlege kunngjeringane eller edikta legg ned levereglar i riket prega av buddhismen. Dei er spreidd over område i dagens Bangladesh, India, Nepal, Afghanistan og Pakistan, og er utført på fleire språk: Magadhi- og gandhari-prakrit, gresk og arameisk.[2] Skriftsystema som er brukt er brahmiskrift, kharosjthi, gresk og arameisk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. India: The Ancient Past, s. 113, Burjor Avari, Routledge, ISBN 0-415-35615-6
  2. Ven. S. Dhammika, THE EDICTS OF KING ASHOKA 
  3. Charles Allen (2012), Ashoka, Abacus, s. 230 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]