Brahmiskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brahmi

TypeAbugida
PeriodeKanskje frå 600-talet f.Kr. fram til 200-talet
SpråkTidlege prakritspråk
AvstammingProtosemittisk
 Fønikisk
  Arameisk
Opphav forGupta, vatteluttu og mange andre i den indiske skriftfamilien
I slekt medLaotisk skrift
UnicodeU+11000–U+1106F
ISO 15924Brah


Brahmi er eit skriftsystem kjend frå India frå kring 600-talet f.Kr. Det er forløparen for dei fleste indiske skriftsystem. Mange av bokstavane minner om arameisk skrift, og ein utbreidd teori er at skrifta blei utvikla frå arameisk. Brahmi blei opphavleg skrive frå høgre mot venstre, men skriftretningen blei seinare snudd til venstre mot høgre. Dei eldste innskriftene ein kjenner med brahmiskrift er frå 200-talet f.Kr. Brahmi var samtidig med kharosthi, som blei brukt lengre nord i Sør-Asia.

Brahmiskriftteikna med uttale.
Samanlikning av europeiske skriftteikn, brahmi og moderne nagariskrift.

Brahmi utvikla seg vidare i ein nordindisk og ein sørindisk variant, kjend som Gupta-brahmi og Pallava-brahmi. Den nordindiske forma utvikla seg mellom anna til devanagari som blir brukt til å skriva mellom anna sanskrit og hindi. Denne typen har også vore utgangspunkt for mange andre nordindiske skrifttypar. Den sørindiske typen blei utgangspunkt for skrifttypar som tamil, telugu, kannada og tulu-malayalam. Skriftsystem utvikla frå brahmiskrift finst også utanfor dagens India. Dei blir mellom anna brukt til å skriva burmesisk, mon, khmer, thai, singalesisk, og javanesisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brahmiskrift
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.