Asker kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Asker kunstforening er ei kunstforeining i Asker, skipa i 1970.

Kunstforeininga har som føremål å formidle biletkunst og kunsthandverk og gje folk i Asker kunnskap om kunst ved å arrangere føredrag, utstillingar med omvisingar, sal av kunst, og dessutan kjøpe inn kunst til si eiga samling. Talet på kunstverk i foreininga si eiga samling har med tida vorte stort. Verk frå samlinga vert lånt ut til skular, seniorsentre og andre offentlege bygningar i kommunen. Foreininga skiper til 8 – 10 utstillingar i året.

Foreininga driv frå 2018 eit galleri med salsutstillingar i eit lokale i Arnestadveien 2a i Vollen, etter tidlegare å ha hatt eit galleri i Asker kulturhusAsker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]