Asker kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°50′N 10°26′E

«Asker» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Asker sentrum.
Asker kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Asker
Areal 376,62 km²
 - land 364,72 km²
 - vatn 11,9 km²
Folketal 98 815  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Lene Conradi (H)
Kommunenr. 3203
Kart
Asker kommune
59°42′ N 10°30′ E
Wikimedia Commons: Asker, Norway
Nettstad: www.asker.kommune.no

Asker kommune er ein kommune i Akershus fylke, skipa med verknad frå 1. januar 2020 ved at kommunen Asker i tidlegare Akershus fylke vart slegen saman med dei to kommunane Røyken og Hurum i tidlegare Buskerud fylke.[1]

Namn og symbol[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Asker», som opphavleg kjem av treslaget ask, har kommunen etter dei tidlegare gardane med namnet Asker i det som har vorte administrasjonsstaden i kommunen. Området ved Askergardane har truleg vore eit bygdesenter frå gamalt av, slik det syner seg av både dei mange gravhaugane i området, og av at ei steinkyrkje frå mellomalderen stod her fram til ho vart riven etter ein brann 3. mars 1878 og erstatta av den noverande Asker kyrkje på same staden, innvigd 17. oktober 1879. Bygda med eige ting rundt år 1000 heitte Skogheimsherad. Opp gjennom tidene endre namnet seg til Skauom og så til Skaugum.

Ettersom asketreet var viktig i norrøn mytologi og kult, som i verdstreet Yggdrasil og den fyrste mannen skapt av eit asketre, er det grunn til å rekne med at namnet «Asker» ikkje berre har med asketreet som botanisk fenomen å gjere, men òg viser til asketreet som eit førkristent mytologisk og kultisk fenomen. På same vis er det mykje som taler for at nemninga «ask» som basis for namnet på det tidlegare Askers härad i Sverige har grunnlaget i det mytologiske og kultiske aspektet ved asketreet. I ein slik samanheng har det sjølvsagt sitt å seie at ask er av dei trea som trivst godt på staden.

Folk frå den tidlegare Asker kommune vert kalla «askerbøringar»; folk frå Røyken vert kalla «røykenbøringar», og dei frå Hurum vert kalla «huringar» eller «høringar». Sjølv om kommunane Hurum, Røyken og Asker vart slegne saman til nye Asker kommune i 2020, kan dei tidlegare kommunenamna Røyken og Hurum framleis nyttast som geografiske namn, og nemninga på folk frå desse distrikta kan likeeins nyttast som før. Namnet Asker kommune er berre nemninga på den geografisk avgrensa administrative eininga.[2] Difor er det rett å nytte namna Hurum og Røyken på dei geografiske områda som desse namna refererer til frå før av. Det same gjeld for den opphavlege Asker kommune, men her oppstår det eit problem ved at Asker òg er namnet på heile den noverande kommunen. Difor vert det ofte nytta namn som Gamle Asker eller Askerbygda for det distriktet som den opphavlege Asker kommune femna om.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Asker kommune fram til 2020.

Kommunevåpenet for den opphavlege Asker kommune er frå 1964, og syner tre stiliserte «askekallar»,[3] som er den lokale nemninga for gamle styv-askar, slike asketre som i årevis har vorte hausta for lauv og greiner til dyrefôr. Vegen framfor Asker kyrkje mot Jansløkka skule er kanta av ein om lag to hundre år gamal allé av meir eller mindre livskraftige askekallar, nokre av dei eldste trea i kommunen.

Kommunevåpenet for dagens Asker kommune er frå kommunesamanslåinga i 2020 og viser tre segl, eit for kvar av dei tre kommunane som no har vorte til ein kommune. Det vart utforma av Kirsten I. Greiner, og vann ei tevling om nytt kommunevåpen i ei nettavstemning og i ei felles nemnd for kommunesamanslåinga.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Hyggen i Røyken
Tettstaden Tofte i Hurum
Tettstaden Verket attmed Drammensfjorden i Hurum

Dei tre tidegare kommunane som til saman utgjer dagens Asker kommune ligg på rad i nord-sørretninga, med den gamle Asker kommune i nord, den tidlegare Røyken kommmune i midten, og den tidlegare Hurum kommune i sør. Røyken og Hurum ligg på Hurumlandet, som er ei halvøy mellom Oslofjorden i aust og Drammensfjorden, ei grein av Oslofjorden, i vest. Røyken høyrer såleis til på den nordre parten av denne halvøya, Hurum på den søre parten. Landarealet er til saman på 364,72 km² og arealet med vatn er på til saman 11,9 km².

Gamle Asker kommune, som ligg på vestsida av Indre Oslofjord, grensa til kommunane Bærum, Røyken og Lier, og femna om eit areal på totalt 101 kvadratkilometer. Av dette var landarealet på 97 kvadratkilometer. Størsteparten er skogkledd og kupert. Byrjinga på eit skogsområde, Vestmarka, som strekker seg som eit slags kupert platå i 300–400 meters høgd vest- og sørvestover til Holsfjorden (Tyrifjorden) og Sylling i Buskerud, markerast som ein steil kant av mellom anna åsane Bergsåsen (Hagahogget) på 459 meter, den høgste åsen i kommunen, og av landemerket Skaugumsåsen, som er 351 meter høg. Den like markante Vardåsen sør i kommunen er 349 meter høg. Busettinga er i hovudsak konsentrert til den mindre brattlendte og kuperte austlege luten av kommunen, frå fjorden og opp mot 100–200 meter over havet. Både geologisk og botanisk har landskapet i Asker kommune mykje å by på, og difor er ei mengd større og mindre lokalitetar og areal freda på ulike vis for å take vare på slike verdiar. Det er oppretta eit naturreservat for å verne om edellauvskog på Skaugumsåsen med bratthenget på søraust- og sørvestsida, Semsvannet og areala kring det, og sentrale partar av Bergsåsen.

Den tidlegare Røyken kommune vart skipa i 1837. Bortsett frå ei grenseendring i 1996, då eit område med 70 bufaste personar vart innlemma i dåverande Asker kommune, har grensen vore uendra. Terrenget er kupert og skogkledd, men med store areal med jordbruksland, hovudsakeleg for korndyrking, hagebruk (grønsaks- og bærdyrking) og litt husdyrhald.

Den tidlegare Hurum kommune skriv seg likeeins frå 1837, og har hatt uendra grenser fram til kommunesamanslåinga i 2020. Distriktet er prega av åsar med små dalar mellom, hovudsakleg i nord-sørretninga. Landet går etter måten bratt opp fra sjøen, med nesten tre firepartar av arealet mellom 150 og 300 meter over havet. Den høgste åsen er på 361 meter over havet. Berggrunnen er for det meste permiske magmabergarter, drammensgranitt, og vert rekna til Oslofeltet. Ei stripe grunnfjellsgneis går langs Oslofjorden i aust, og kambrosilur finst i ei stripe langs kysten i sørvest. Tvers over Hurumlandet ligg det restar av ein stor endemorene frå den siste istida som gjer at Drammensfjorden er sæsrs smal ved tettstadene Svelvik og Verket. Morenen markerer seg dessutan i Oslofjorden ved Storsand i Hurum, ein tettstad som ligg tvers overfor Drøbak på austsida av fjorden. Jordbruksområda i Hurum ligg for det meste utanfor morena, eit stykke innafor kysten i sørvest. På grunn av geologien og den særeigne floraen er Tofteholmen, Ranvikholmen og øya Mølen (i Oslofjorden) vorte freda. På Mølen veks kraftig lindeskog og den heilårsfreda snylteplanten misteltein.

Skaugumsåsen i Askerbygda. Sem Gjestegård (den nedlagde Norges landbrukshøgskole, avd. Asker, tidlegare Statens småbruks-lærerskole) er å sjå framfor åsen.
Semsvannet i nærleiken av Skaugumsåsen.
Staden Holmen i framgrunnen, Hvalstad ovanfor og Skaugumsåsen i bakgrunnen, sett frå Holmenfjorden i Indre Oslofjord.
Utsyn frå Skaugumsåsen over ein lut av Asker kommune og av landet elles kring Indre Oslofjord. I framgrunnen ligg Hvalstad, nede ved fjorden ligg Holmen, og til venstre for Holmen kan ein mellom anna sjå Landøya, Nesbru og Slependen, og øyane Nesøya, Brønnøya, Langåra og fleire av småøyane i Asker kommune. Den langstrekte åsen som stig opp av sjøen i bakgrunnen, er Nesodden.
Asker rådhus
Asker kulturhus
Restauranten på Hvalstrand bad er eit av dei mest karakteristiske døma på funksjonalistisk arkitektur i Noreg.
Ein restaurert og freda kalk-omn på Brønnøya.
Filtvet fyrstasjon (freda)

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Asker kommune er den åttande største kommunen i Noreg, rekna etter folketalet, som var 94 441 i byrjinga av 2020. Busetninga er tettast i det gamle Asker (Askerbygda), og er elles konsentrert om dei lågtliggjande kystområda, og langsetter hovudvegane og jarnbanelina Drammensbanen med Spikkestadbanen. Etter at Liertunnellen og Askerbanen vart bygd, fungerer Drammensbanen mellom Lysaker og Asker stasjon, med Spikkestadbanen frå Asker stasjon til Spikkestad stasjon, som lokalbane i kommunen, med haldeplassane Billingstad, Hvalstad, Vakås, Høn, Asker, Bondivatn, Gullhella og Heggedal i den opphavlege Asker kommune, og Hallenskog, Røyken, Åsåker og Spikkestad i den tidlegare Røyken kommune

Langsetter kysten i Røyken og Hurum ligg busetnadkonsentrasjonane Røyken tettstad med Midtbygda (i innlandet), Slemmestad, Nærsnes med Båtstø, Åros, Sætre, Tofte (attmed Oslofjorden), Holmsbu og Hyggen (attmed Drammensfjorden) og Klokkarstua. Asker sentrum og dei andre tettbygde områda i kommunen vestover frå Oslo, høyrar saman med dei tettbygde områda i grannekommunen Bærum, til det området som vert kalla Oslo tettstad.

Ein reknar med at det er 4000 år sidan bygdene kring Oslofjorden vart busette av folk som dyrka jorda og held seg med husdyr, og soleis tok til å forme landet ved skogrydding, oppdyrking og ved å ha dyr på beite. Dei minna om fast busetnad i forhistorisk tid som er lettast å leggje merke til, er gravrøyser og gravhaugar, som det framleis er nokre att av i kommunen. Den største gravrøysa, tjue meter i tverrmål, ligg på Århustoppen på den gamle garden Gui aust for Gjellumvatnet i Heggedal. Røysa er ikkje nærare granska, men skriv seg etter alt å døme frå bronsealderen. Ein «oldtidsveg», eit særs gamalt vegfar, går frå Oslofjorden ved Vollen og opp forbi denne og to andre gravrøyser, fire steinleggingar, og vidare innover og gjennom aust-vestdalføret som ligg sør for Vardåsen, Askerbørskogen, der det er fleire særs gamle buplassar. På Vinnulstad på Askerbørskogen er det tolv gravrøyser.

Namnet «Gui» har opphav i «Guđvin», som ein meiner vise til ein heidensk kultplass. Det er ikkje utenkjeleg at Gui står for kultplasskontinuitet frå bronsealderen og fram gjennom heile den heidne tida, sjølv om trua, den kultisk framgangsmåten og samfunnstilhøva kan ha endra seg i denne lange tidsbolken. Det var meininga at røysa på Århustoppen skulle vere godt synleg, for ho vart lagt der terrenget tek til å helle frå Guiplatået og ned mot sjøen, og har ikkje vore skjult av skog som no. Dessutan har røysa vore høgare, for stein frå toppen er frakta vekk i nyare tid for å nyttast som vegfyll. Både storleiken på røysa, den framheva plasseringa i terrenget, og at røysa ligg attmed det som har vore ein viktig veg for eit større distrikt i si tid, er karakteristiske drag ved dei gravrøysene frå bronsealder som ein reknar med markerte makt og rettar over eit område, og makt over ferdslevegar i området òg, kan hende. På andre stader i distriktet ligg det likeeins gravrøyser på høgder der viktige vegar truleg har passert i oldtida, som til dømes på Brakstadåsen og på Røverkulåsen i grannekommunane Lier og Bærum.

Ved Asker kyrkje ligg fleire gravhaugar, som ein reknar med skriv seg frå jarnalderen. To gravhaugar ligg òg på Hval ved Hvalstrand bad.

Næringsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Storparten av innbuarane i Asker har inntektene sine frå tenesteytande verksemd som til dømes forsking og undervisning, konsulentverksemd, handel og anna tenesteyting, anten i verksemder i kommunen eller andre stader i Oslo-området. 37 % er sysselsette innan offentleg eller privat tenesteyting, og 20 % innan varehandel, hotell- og restaurantdrift. Fleire handels- og teknologiverksemder, til dømes med elektronikk, petroleumsutvinning og data som spesialitetar, er lokalisert til strekninga Slependen – Billingstadsletta – Nesbru – Vakås, og i området kring Asker sentrum. Fleire store butikkar og varehus ligg i same området. Varehandelen i kommunen er i stor grad konsentrert til kjøpesentera og varehus, med IKEA på Slependen nordaust i kommunen som truleg det mest kjende i sin bransje.

Jorda i Asker er særs god, og landbruk med husdyrhald har det vore drive i fleire tusen år. Frå midten av 1800-talet vart Asker dessutan ein av dei fremste hagebrukskommunane i Noreg, med stor produksjon av bær, frukt og grønsaker, og etter kvart blomar. I 1920- og 1930-åra kunne Asker stå for ein sjettepart av alt som vart produsert av bær i Noreg. Framleis har kommunen sterkt preg av å vere ein landbrukskommune, sjølv om andre husdyr enn kjæledyr har vorte sjeldsynte dyreartar innanfor kommunegrensene. Men utbyggingspresset som fylgje av nærleiken til Oslo har vorte sterkt i siste halvparten av 1900-talet og framover i det nye hundreåret, og i mange høve er småhus, bustadblokker, næringsbygg og vegar bygt, og vert bygt, på det som tidlegare var dyrka mark. Både jordbruksareal og produksjonsvolum er minkande. Fleire av dei gamle, romslege og frodige villahagane, som med sine mengder av frukttre og bærbusker har gjeve frukt og bær til mange av innbuarane i kommunen i tidlegare tider, har dessutan vorte tomter for nye hus i stendig meir tettbygde bustadområde. Men Asker har likevel det største arealet i heile Akershus fylke for profesjonell dyrking av grønsaker, bær og blomar på friland og i veksthus.

Talet på fritidsbåtar i Oslo-området er stort, og fritidsflåten gjev òg arbeid og inntekter til mange i Asker. Men i det store og heile er det, og har det vore i fortida, berre eit fåtal med hovudyrke knytt til fjorden og kystområda. Fram til 1700-talet heldt ein i hevd ein fleire hundre år gamal tradisjon med å produsere salt av vatn frå fjorden og selje det til folk i innlandet. Fjordfiske har ikkje vore noka stor næring, skal ein tru det som sokneprest Jacob Neumann skreiv i 1818. I 1855 var det truleg 35 som hadde fiske som hovudyrke, 47 dreiv som fraktemenn, og 53 var sjømenn (skipperar og matrosar samanrekna), og berre fem var båtbyggjarar. Biletet var mykje av det same til langt inn på 1900-talet, med unnatak av at det veks fram eit sterkt båtbyggjarmiljø i Vollen, der polarskuta «Maud» vart bygd for Roald Amundsen i 1917. den siste jakteskipperen i Asker la opp i 1950, og no er det knapt nokon askerbøring som driv som yrkesfiskar eller båtbyggjar; produksjonen av fritidsbåtar, som gjekk føre seg i ei viss mon framover på 1990-talet og inn i plastbåtane si tid, har òg teke slutt.

Kommunen har ein viss industriell tradisjon. Heilt frå mellomalderen og fram mot 1900-talet har det vore brote ut og brent kalkstein i Asker. Brent kalk var bindemiddel i mørtelen som vart nytta i bygningar av naturstein og teglstein i både mellomalderen og i nyare tid, som til dømes kyrkjebygg, kloster og festningar i mellomalderen, og i dei mange murgårdane som vart reiste i byane på 1800-talet. Dei fleste i bygda tok del i kalkproduksjonen som anten eigarar eller drivarar av kalkomnar, eller bryting og transport av stein og ferdig kalk, eller ved hogging og transport av ved til omnane. Det er registrert 41 kalkomnar i Asker eldre enn frå 1900.

Frå 1699 til 1804 vart det drive jarnverk på Dikemark, med produksjon av omnar, jarngryter, og dessutan stål i ein periode. Då dei lokale førekomstane av jarnmalm var små, vart malmen henta frå gruver på Sørlandet. Mange vart sysselsette i samband med drifta av jarnverket, mellom anna med å hogge ved og brenne den store mengda trekol som gjekk med, slik det går fram av dei 468 «kølabonnene», plassar for kolmiler, som finst i skogane i Kjekstadmarka og i den vestre luten av Vestmarka.

Ein annan «industri» som fekk mykje å seie for askerbøringane frå 1850-åra og frametter, var skjering og sal av naturleg is frå vatn og tjern, og frå fleire kunstige dammar som vart grove ut og demma opp for dette føremålet. Isen vart skore ut i store blokkar vinterstid, og lagra i bingar av tre fylte med isolerande sagflis inne i «ishus» til utpå våren, då fjorden vart isfri og skutene kunne leggje til og taka isen ombord. I 1875 var det 48 ishus i Asker, og produksjonen var på 40.000 tonn; bygda toppa istrafikken i Akershus i åra mellom 1865 og 1895. Mykje av isen vart eksportert til England, der bryggeri, restaurantar og fiskarar var storforbrukarar. Andre europeiske land var òg avtakarar, og noko vart dessutan nytta lokalt til kjøling av mjølk på gardane og på meieria. Fleire av dei kunstige isdammane er framleis intakte. Men ingen av dei mange og ofte lange rennene av tre som isen vart frakta i frå dammen og ned til stranda, og frå stranda og ut på skipa, er teke vare på, og berre eit mura ishus står att.

I andre halvparten av 1800-talet laga det seg til eit lite industrisamfunn i Heggedal, der mellom anna verksemder som seinare skulle verte landskjende, fekk si spede byrjing. Dette gjeld Sætre Kjæksfabrik A/S, som var skipa på Sætre gard i Heggedal i 1883, og flytta til Oslo etter at fabrikken brann ned i 1907; Viking Gummivarefabrik, som vart skipa i Heggedal i 1906, men som brann ned i 1913 og vart erstatta av A/S Askim gummivarefabrikk, den seinare Viking-Askim, i Askim i 1918.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Asker har i stor grad preg av å vere ein forstadskommune til Oslo, og ein stor del av innbyggjarane reiser dagleg med bil, buss eller tog til eller i retning av Oslo i samband med arbeidet. Så mange nyttar bil til arbeidsplassen at seintgåande køar og kork på vegane vert ei dagleg oppleving for dei fleste. Motorveg E-18 på strekninga mellom Oslo og Drammen går gjennom bygda, og er i praksis det einaste alternativet ut av kommunen for storparten av dei som skal mot Oslo i bil.

Asker kommune har òg vegsamband med austsida av Oslofjorden gjennom den lange undersjøiske Oslofjordtunnelen, som går under Drøbaksundet mellom Verpen i Hurum og Måna i Frogn kommune.

Kommunen er eit knutepunkt for tog, då gjenomfartsbanene Askerbanen og Drammensbanen går gjennom bygda. Drammensbanen vert stort sett nytta som lokalbane på strekninga frå Sandvika i Bærum til Asker stasjon etter at Askerbanen tok over gjennomfartstrafikken her, og lokalbane er òg Spikkestadbanen, ein tidlegare parsell av Drammensbanen, som går frå Asker stasjon til Spikkestad i Røyken kommune. Askerbanen og Drammensbanen er dobbeltspora, Spikkestadbanen er einspora. Flytoget mellom Drammen og Gardermoen lufthamn stopper på Asker stasjon, som er den femte største i Noreg, målt i talet på reisande.

Sjøområde[endre | endre wikiteksten]

Mot aust har Asker strandline mot Indre Oslofjord, som her òg vert kalla «Vestfjorden». Dei største øyene innanfor grensene av Asker kommune er Nesøya på 3,24 kvadratkilometer, som for det meste er eit relativt tettbygd villaområde, med vegsamband til fastlandet over ei bru over Grønsund; Brønnøya på 1,36 kvadratkilometer med stort sett berre fritidsbustader; Bjerkøya på 0,27 kvadratkilometer, og friområdet Langåra på 0,25 kvadratkilometer. Alle desse øyene er utan vegsamband til fastlandet.

På den sentrale parten av Nesøya vart det i 1978 oppretta Nesøytjern naturreservat på om lag 500 dekar for å verne om den frodige og mangearta vegetasjonen, mellom anna sumpvegetasjon, og det rike dyre-, insekts- og fiskelivet i Nesøytjernet og området ikring det. Tjernet, som ligg 14 meter over havnivå og er større enn det som dei fleste meiner med «tjern», er av dei mest kalkrike vatna i Noreg, og eit særhøve ved å vere næringsrikt av naturlege årsaker, utan påverknad av tilsig frå terrenget attmed vatnet. Det er registret fleire enn 200 ulike artar av plantar i området.

Verneområde for å take vare på natur og geologiske strukturar er òg oppretta på Langåra, på Bjerkøya (der eit tre dekar stort område vart freda i 1988 som Bjerkøya naturminne av omsyn til fossilførande bergartar), ved Konglungen og andre stadar i fjorden, mellom anna på den populære badeplassen Holmenskjeret i Holmenbukta. Dette skjeret vart omgjort til ei landfast offentleg badestrand ved utfylling av steinmasse frå ein kloakktunnel som vart bygd frå Oslo, gjennom Bærum og Asker på byrjinga av 1980-talet, og har elles frå gamalt av ei offentleg bryggje. Restriksjonar gjeld òg for fleire av dei små holmane og skjera i fjorden for å verne om fuglelivet, som er meir mangfaldig, rikt og sårbart enn det dei fleste kan hende er klår over.

Holmar og skjer i fjorden er populære utfartsmål, og lystbåttrafikken ofte stor og støyande. Fleire viker, sund og strandstrekningar dominerast av lystbåthamner og areal for båtopplag. Mykje av strandareala på både fastlandet og på mange av øyene i kommunen er dessutan utparsellert til tomter for bustadhus eller fritidsbustader, slik at ålmenta er utelukka frå å nytte dei. Likevel er det fleire små eller større sandstrender og svaberg som her og der er opne for alle. Kommunen kan dessutan by på eit stort friluftsanlegg frå 1934 i funksjonalistisk stil, Hvalstrand bad i Leangbukta, med sandstrender, grasplenar, restaurantbygning, garderobebygning, ti meters stupetårn etc. Anlegget er teikna av den norsk-franske arkitekten André Peters for eit aksjeselskap skipa i 1933 av grunneigaren og ein skipsreiar. Ettersom etablissementet var basert på kommersiell drift, stod bygningane til nedfalls i fleire tiår etter at drifta vart ulønsam på 1960-talet. Kommunen kjøpte seg inn i 1960, overtok det heile i 1978, reparasjonar og restaureringar av bygningane kom i gang på 1990-talet på initiativ frå ein «venneforeining», og anlegget vart freda i 1998.

I tidlegare tider var fjorden ei viktig kommunikasjonsåre for distriktet. Med unnatak av kongevegen frå Christiania til Kongsberg gjennom kommunen, den fyrste av forløparane til den noverande motorvegen på same strekninga, var vegsystemet i kommunen stort sett innretta slik at det gav kontakt mellom fjorden og landet innanfor. Frå om lag midten av 1800-talet og fram til midten av 1900-talet gjekk det eimbåtar, seinare motorbåtar, i rutetrafikk mellom distriktet og hovudstaden, men dei vart til sist utkonkurrerte av bil og buss i stendig lågare gjennomsnittsfart på stendig meir trafikk-korka vegar. Med tida fekk dei gamle rutebåtane ein moderne etterfylgjar i ei snøggbåt som vart sett i rute mellom ei brygge i nærleiken av Rådhuset i Oslo, Vollen i Asker og Slemmestad i grannekommunen Røyken.

Storparten av fjorden har vanlegvis vore islagt heile vinteren, og i tidlegare tiders vintrar hende det at passasjerane på rutebåtane kunne, eller måtte, setjast i land på fjordisen, ved kanten av råka som rutebåtane held open. I tidlegare tider var det òg etter måten stor trafikk med hest og slede på fjordisen, mellom anna av di det ofte var lettare, stuttare og snøggare å taka seg fram her enn på landevegane. Fram mot midten av 1800-talet gjekk ein viktig vinterveg, trygga ved organisert oppsyn og merking, frå den vestlege grunne vika på Slependen på fastlandet ved kommunegrensa i nordaust, gjennom sund og over fjord inn til Pipervika i Christiania, noverande Vika i Oslo.

Skeiseløp og isfiske på fjordisen er populært den dag i dag. Men mykje har endra seg med det milde og ustabile vinterklimaet som ser ut til å ha etablerte seg permanent.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk høyrer Asker til Oslofeltet. Åsar av basaltiske lavabergartar pregar landskapet og med kambrosilurske avsetningsbergartar som dannar låglandet med jordbruk og strandområde ned mot Oslofjorden.

Samfunn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Den norske kronprinsfamilien bur på Skaugum i Asker.

Asker ligg i Oslo bispedøme.

Sjå òg:

Kjende askerbøringar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Internettside om nye Asker kommune
  2. Falstad, Svein Helge (7. januar 2020). «Se hva Språkrådet sier om bruken av navnet Nord-Trøndelag». www.t-a.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 15. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  3. Asker kommune: Grafisk profil, arkivert frå originalen 20. mars 2015, henta 3. juli 2017 
  4. «Endelig versjon av nytt kommunevåpen», www.nyeasker.no (på norsk), arkivert frå originalen 20. februar 2020, henta 20. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]