Asker prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°50′42″N 10°26′19″E

Asker prestegard

Asker prestegard (Røren, tidl. Røyrvin) ligg like nordaust for for Asker kyrkjegard. Adressen er Kirkeveien 125, og prestegarden er gard nr. 1 i Asker.[1]

Det har vore gård på staden sidan førkristen tid, og det er eller har vore fleire gravhaugar på garden sin grunn. Garden var busatt av prestar allereie i mellomalderen. Fem bygningar er freda: våningshus, drengstove (seinare forpaktarbustad), stabbur, driftsbygning og lysthus.[2] Våningshuset vart truleg oppført under sogneprest Jacob Neumann i 1805–07. Det er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel utvendig. Neumann fikk òg anlagt hage med lysthus, og han stifta i 1808 Selskapet for Asker prestegjelds vel for å fremje jordbruk, hagebruk og husflid i ei vanskeleg tid prega av Napoleonskrigane. Forpaktarbustaden vart oppført på 1800-tallet. Prestegarden vart satt i stand i 1954, 1980 og 1995.

Asker kyrkje er prostikyrkje. Prestegarden har på 2000-tallet vore bustad for prosten, men då buplikta vart avvikla i 2015, valde prosten, Berit Øksnes Gjerløw, å flytte ut av prestegarden, mellom anna på grunn av høg fordelsskattlegging.[3][4]

Asker husflidslag[5], som er ei av fleire foreiningar som har vidareført verksemda i Asker prestegjelds vel[6], leiger i dag forpaktarbustaden.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Miljødirektoratet: Naturbase
  2. Opplysningsvesenets fond. Framstilling er er basert på deira oppslag.
  3. Aftenposten 18. november 2015
  4. Asker og Bærums budstikke, 3. november 2015
  5. Lokalhistoriewiki
  6. Asker husflidslag: Historie
  7. Til kursverksemd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]