Asker kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°50′36.0″N 10°26′11.9″E

Asker kyrkje
kyrkje
Asker Church 06.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Kommune Asker
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Asker
Fellesråd Asker
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 1879[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: Asker kirke
Asker krematorium ligg i nærleiken av kyrkja. Tilbygget frå år 2000 til venstre.
Asker kyrkje, Akershus, ca. 1900-1910. Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren
Mellomalderkyrkja som stod her tidlegare. Illustrasjon frå boka "Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen" av Peter Frederik Wergmann.

Asker kyrkje er ei av kyrkjene i Asker kommune i Asker prosti under Oslo bispedøme, innvigd 17. oktober 1879. Kyrkja ligg i nærleiken av Askergardane, som har gjeve namn til både kommunen og administrasjonsstaden i kommunen, som båe heiter Asker.

I området kring kyrkja er det fleire store gravhaugar som ber bod om at folket i bygda har samla seg her til kult og høgtid frå gamalt av. Kyrkja vart bygd til erstatning for ei steinkyrkje frå mellomalderen som stod på nett same staden, men som vart rive etter å ha vorte mykje skada ved ein brann 3. mars 1878. Det gjekk soleis ikkje meir enn om lag eitt år å få fjerna dei metertjukke murane etter mellomalderkyrkja og reist den nye kyrkja.

Arkitektur og inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er ei langkyrkje i teglstein med nygotiske stildrag, teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Ved seinare ombyggingar har kyrkja vorte mykje endra innvendig; mellom anna er dei opphavlege galleria langs langveggane i skipet fjerna. Men utvendig er det ikkje gjort nemnande endringar sidan kyrkja var ny. Slik kyrkja no er innreidd, har ho 600 sitjeplassar.

Altertavla frå 1724, døypefonten med tilhøyrande himling frå 1715 og preikestolen frå om lag den same tida, har gylt treskurd i barokk stil. Dei stod i mellomalderkyrkja og vart berga ut under brannen i 1879, med større eller mindre skadar. Altertavla har tre felt med skulptur som refererer seg til nattverdssakramentet; i det nedste biletfeltet er det ei framstilling av Kristi siste måltid saman med disiplane før krossfestinga, i feltet over er synt Kristus på krossen, og på toppen av altertavla står den oppståtte Kristus i fri rundskulptur med sigersfana i handa. Figurane er skjært ut i tre og måla.

Dei tre klokkene i kyrkjetårnet er støypte i Dresden i 1878 av Grosse.

Eit kapell med krematorium vart bygd attmed kyrkja i 1961, og i 2000 fekk kapellet eit lite tilbygg med bårehus. Tilbygget er teikna av arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk, og vert rekna som eit av meisterverka i moderne norsk arkitektur.

Utanfor kyrkjegardsmuren sør for kyrkja står monumentet «Ei glad mor til ein liten gut», som syner kronprinsesse Märtha med prins Harald på armen. Monumentet er laga av kunstnaren Dyre Vaa etter ei landsomfemnande pengeinnsamling i 1955 som Asker kvinneråd tok initiativet til, av di kronprinsesse Märtha, som døyde i april 1954, hadde vore busett på Skaugum i Asker. Monumentet var ferdig i 1958, men vart likevel ikkje avduka før 28. september 1969, av kong Olav V, som ved eit ynske om å få det sett opp i nærleiken av kyrkja hadde sett sluttstreken for ein årelang lokal strid om plasseringa.

Gravhaugane frå førhistorisk tid i området kring Asker kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I det opne landskapet med dyrka mark og lauvskog som kyrkja ligg i, er det registret ti lokalitetar med godt markerte gravhaugar, (rundhaugar) frå jarnalderen. Mellomalderkyrkja som låg her før den nåverande kyrkja må sjåast i samanheng med desse gravhaugane, ettersom det er vanleg både i Noreg og andre land at det ligg førkristne (heidne) graver attmed eller i nærleiken av mellomalderkyrkjer, eller der det har stått mellomalderkyrkjer.

Asker kyrkje i Canada[endre | endre wikiteksten]

«Asker kyrkje» er òg namnet på ei kyrkje som vart bygd i Alberta i Canada i 1915 av utvandrarar frå Asker.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]