Asmund Kristoffersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Asmund Kristoffersen (fødd 5. november 1944) er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Flakstad i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1993 til 2009.

Kristoffersen var i tida 1967 til -75 lærar og seinare rektor ved Sørvågen barne- og ungdomsskole. Tidsrommet 1975-87 var han rektor ved Tingvoll barne- og ungdomsskule og deretter skulesjef i Tingvoll kommune 1987-93, med unnatak for eitt år då han tok vidareutdanning ved Møre og Romsdal Dsitriktshøgskule i Volda.

Perioden 1979-91 var Kristoffersen medlem av kommunestyret i Tingvoll. Frå 1983 til -93 var han i tillegg fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeidarparti, eit fylkesparti han leia i 1985-86. I 1993 vart Kristoffersen innvald på Stortinget for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. På Stortinget fekk han plass i sosialkomiteen, ein komite han sat i heilt fram til 2005. Kristoffersen vart med åra ein framskoten talsmann for Arbeidarpartiet sin politikk i sosiale spørsmål og i helsesaker. Dei to siste periodane på tinget var han fyrst leiar og så medlem av fullmaktskomiteen. I den siste fireårsperioden på Stortinget hadde han sete i energi- og miljøkomiteen, samt valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]