Asnæs

Koordinatar: 55°48′36″N 11°29′54″E / 55.81000°N 11.49833°E / 55.81000; 11.49833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asnæs
Asnæs kyrkje
Asnæs kyrkje
Asnæs kyrkje
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Sjælland
Odsherred kommune
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

2 892[1]
Koordinatar 55°48′36″N 11°29′54″E / 55.81000°N 11.49833°E / 55.81000; 11.49833
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside

Asnæs er ein dansk by i Odsherred kommune nordvest på øya Sjælland. Byen er sentrum i soknet med same namn. Ifølgje siste offisielle teljinga har Asnæs 2 892 innbyggjarar (2013).

Sentralt i byen ligg Asnæs stasjon som er eit lokalt knutepunkt på Odsherreds Jernbane (del av dei privateigde Vestsjællands Lokalbaner) med samband både nordover til Nykøbing og vestover mot Holbæk. I byen ligg òg Nordvestsjællands største kjøpsenter, Asnæs Centret, med over 40 butikkar.

I byen er det grunnskule (Bobjergskolen) og vidaregåande skule (Odsherred Gymnasium). Hallerne i Asnæs blir nytta som kroppsøvingssal for elevane ved Bobjergskolen - og inneheld også symjehall.

Kyrkje og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturstaden "Huset I Asnæs".

Huset i Asnæs ligg i Storegade 31 - og er ein privateigd og mykje nytta institusjon som har til føremål å utvikle kunst- og kulturlivet i det danske samfunnet. Huset blir nytta til ulike kulturelle arrangement og utstillingar (særleg av biletkunst og kunsthandverk). "Institusjonen Huset" blei stifta i januar 1973 av ein krins kunstnarar i dåverande Dragsholm kommune (sidan 2007 ein del av Odsherred).

Byen er òg kjend for den vakre romanske mellomalderkyrkja i stein som opphavleg var vigd til St. Olav. Tårnet og våpenhuset er føyde til seinare - og reist i seingotisk stil. Kyrkja ligg i Asnæs Kirkevej i den sørlege delen av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 11. februar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]