Assyria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Det assyriske riket aust for Middelhavet.
Assyrisk statue frå utgravingsstaden Korshabad (no i Louvre).

Assyria var eit oldtidsrike ved Tigris i Mesopotamia, i eit område som no hovudsakleg ligg i nordlege Irak. Det utvikla seg på 1000-talet f.Kr. til eit omfattande rike, og blei i løpet av det første hundreåret f.Kr., under Det nyassyriske riket, til det største imperiet som hadde vore i Levanten.

Riket oppstod rundt den gamle hovudstaden Assur. På 700-talet f.Kr. blei hovudstaden flytta til Ninive. Begge byane låg i eit trekanta kjerneområde mellom den øvre delen av Tigris og Vesle Zab.

Assyria og Babylonia var rivalar som hadde stor påverknad på kvarandre. Det assyriske landområdet blei utvida mot sør då dei fekk overtaket på babylonarane, medan Babylonia blei utvida mot nord då babylonarane fekk overtaket. I 721 f.Kr. erobra assyrarane Samaria og gjorde Nord-riket av Israel til ein assyrisk provins. Dei klarte ikkje å hærta hovudstaden i Juda, Jerusalem.

I 609 f.Kr. blei Assyria overvunne av Det nybabylonske riket då Ninive fall for den babylonske erobringshæren. Assyria heldt fram med å vera ein provins i dei påfølgjande rika: Babylonia, Medarriket, Akaemenidane, Seleucidane, Partia, Romarriket og Sassanidane fram til 600-talet, då Det arabiske riket erobra området.

Assyrarane tala opphavleg assyrisk som lik babylonsk var ein dialekt av akkadisk. Dei skreiv med kileskrift. Seinare gjekk dei i stor grad over til å bruka arameisk. I dag bruker ein nemninga assyrarar om ein innfødt befolkning i Irak, Iran, Tyrkia, Syria som har ein stor diaspora i Europa, Amerika og Australia. Desse meiner dei er etterkomarar av oldtidsassyrarane, og snakkar eit språk som likner arameisk, med visse påverkingar frå det gamle assyriske språket. Dei fleste av desse tilhøyrer Den assyriske kyrkja i aust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Assyria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Irak å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.