Tigris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°26′0″N 39°46′22″E
Tigris
syrisk ܕܩܠܬ Deqlath, arabisk Dijla, tyrkisk Dicle
elv
none  Kring 100 km frå kjelda skapar Tigris eit rikt jordbruk utanfor Diyarbakır i Tyrkia.
Kring 100 km frå kjelda skapar Tigris eit rikt jordbruk utanfor Diyarbakır i Tyrkia.
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Syria.svg Syria Flag of Iraq.svg Irak
Land i nedslagsfelt Tyrkia, Syria, Irak, Iran
Tilløp
 - venstre Batman, Khabur, Store Zab, Vesle Zab, 'Adhaim, Diyala, Cizre
 - høgre Wadi Tharthar
Byar Diyarbakır, Mosul, Bagdad
Kjelde Hazarsjøen
 - høgd 1 150 moh
 - koordinatar 38°29′0″N 39°25′0″E
Munning Shatt al-Arab
 - stad Al-Qurnah, Basra guvernat, Irak
 - koordinatar 38°26′0″N 39°46′22″E
Lengd 1 850 km
Nedslagsfelt 375 000 km²
Vassføring for Bagdad
 - middel 1 014 /s
 - maks 2 779 /s
 - min 337 /s
kart over nedslagsfeltet til Tigris-Eufrat
kart over nedslagsfeltet til Tigris-Eufrat
[1][2]

Tigris (syrisk ܕܩܠܬ Deqlath, arabisk Dijla, tyrkisk Dicle) er den austre elva i elveparet Eufrat og Tigris i Irak. Den 1 850 km lange elva renn frå fjella i Anatolia i Tyrkia, og renn sørover parallelt med elva Eufrat. Nedbørsområdet til Tigris er 375 000 km².

Strekning[endre | endre wikiteksten]

Hasankeyf, Tyrkia

Tigris har kjeldene sine området omkring sjøen Gölgik i Taurusfjella aust i Tyrkia. 400 km av elva renn i Tyrkia, før ho ei strekning vert grenseelv mellom Tyrkia og Syria. Dette strekket på 44 km er den einaste delen av elva i Syria. Dei gjenverande 1418 km renn innanfor grensene til Irak og flyt søraustover til den mesopotamiske sletta i Irak om lag ved Mosul. Elva renn gjennom Bagdad og fell saman med Eufrat nær Gurmat Ali sør i Irak. Elvane dannar der Shatt al-Arab, som munnar ut i Persiabukta. Tigris har mange sideelver, bland andre Diyala, Øvre og Nedre Zap.

Bagdad, hovudstaden i Irak, ligg vid Tigris, likt mange av dei store stadene i Mesopotamia: Nineve, Ktesifon og Seleukia. Lagash får vatn frå ein kanal som vart graven ut omkring 2400 f.Kr. Byen Tikrit er oppkalla etter elva, som han ligg ved.

Tigris utanfor Mosul

Tigris har lenge vore ei viktig transportåre i ørkenlandet. Elva er farande med gruntgåande båtar heilt til Bagdad og med flåtar vidare til Mosul. I nyare tid har vegtransport og jernbanen Basra-Bagdad-Mosul tatt over for mykje av trafikken. Vassføringa varierer frå om lag 3000 m³/s i april til 300 m³/s i oktober, målt ved Bagdad.

Utnytting[endre | endre wikiteksten]

Tigris er kraftig oppdemt i Irak og Tyrkia, og forsyner dei tørre områda ho ren gjennom. Reguleringa hindrar og oversymjingar, som historisk har vore ei følgje av snøsmeltinga i april. Mosuldammen, som ligg ved Tigris, er den største i Irak.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I sumerisk mytologi vart Tigris skapt av sæd frå guden Enki.

Profeten Daniel fekk eit syn ved elva Tigris.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Isaev, V.A.; Mikhailova, M.V. (2009). «The hydrology, evolution, and hydrological regime of the mouth area of the Shatt al-Arab-elva». Water Resources 36 (4): 380–395. doi:10.1134/S0097807809040022. 
  2. Kolars, J.F.; Mitchell, W.A. (1991). The Eufrat-elva and the Southeast Anatolia Development Project. Southern Illinois University Press. ss. 6–8. ISBN 0-8093-1572-6. 
  3. Dan. 10,4