Astenopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dobbelsyn kan oppstå som følgje av astenopi

Astenopi (av gresk ασθεν-ωπία asthen-opia) eller synstrøyttleik er ein augetilstand som er kjenneteikna av ikkje-spesifikke symptom som til dømes trøyttleik, smerte i og rundt auga, uklårt syn, hovudverk og stundom dobbelsyn. Symptoma plar å oppstå etter lesing, dataarbeid eller andre tunge kognitive oppgåver.[1]

Når ein konsentrerer seg om ei visuelt krevjande oppgåve, som til dømes lesing, vil ciliærmusklane trekke seg saman. Dette kan føre til at auga blir irriterte og ukomfortable. Stirring på eit fjernt objekt i éin time plar å lindre problemet.

CRT-monitorar med låg oppdateringsfrekvens (<70 Hz) og liknande CRT-apparat kan skape liknande problem sidan bildet har ei synleg flimring.

Eit ark eller fotografi med same bilde trykt to gongar (frå trykkefeil eller kamerarørsle, som vist i dette bildet) kan føre til astenopi sidan hjernen feiltolkar bildefeilen som dobbelsyn, og prøver så godt den kan å justere rørsla i augeepla slik at bilda smelter saman.

Astopeni kan stundom skuldast synsproblem (refraksjonsfeil)[2] eller binokulære synsproblem (heterofori). Det oppstår ofte etter bruk av datamaskinar og telefonar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ringvold, Amund (13. februar 2009). «astenopi». Store norske leksikon. Henta 19. januar 2015. 
  2. Sandvig, Kjell (13. februar 2009). «astenopi». Store medisinske leksikon. Henta 19. januar 2015.