Auga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tårekjertel (a)
Tårekanalane (c og f)
Netthinna reflekterer lys hos mange pattedyr, her ein katt.

Auga er eit organ hjå dyr og menneske som fangar opp lys, og sender signal om dette til hjernen gjennom synsnervene. Auga hjå menneske er sett saman av m.a. netthinna (retina), iris/regnbogehinna, hornhinna, linsa og pupillen. Sjølve auga blir kalla augeeplet (lat. bulbus oculi). Augeeplet, og spesielt hornhinna, er verna av tårer, som er ei blanding av saltvatn, enzym og antistoff. Auga er omgjeve av augnebryn, augelokk og augevippar.

Netthinne[endre | endre wikiteksten]

Netthinna ligg som eit bakteppe innvendig i auga. Ho inneheld tre typar lysfølsame celler som tek imot informasjon om lys via dei ulike fotopigmenta deira, såvel som ganglieceller. Dei aller fleste av gangliecellene, ca. 98% hjå menneske, har med syn å gjere og kommuniserer med tappane, stavane og kvarandre for å sende nervesignal ut av auga gjennom synsnerven til hjernen.

Synssansen
Dei to typane lysfølsame cellene som fangar lys som gjev synsinntrykk, er forma som tappar og stavar. Tappane gjev fargesyn og skarpt syn, og dei krev høgt lysnivå for å fungere. Stavane gjev svart-kvitt-syn og syn i mørke.

Skarpsynet i netthinna er lokalisert til den gule flekken (macula lutea), der tappane ligg særleg tett.

Den blinde flekken er punktet der synsnervar forlèt netthinna for å levere signal til hjernen. Buntar av dei lange, tynne utløpar-delane (axon eller akson) til ganglieceller, vel ein million av dei i eit normalt menneskeauga, blir til synsnerven (nervus opticus). Då det her ikkje finst tappar eller stavar, heiter dette punktet den blinde flekken.

Lys frå eit punkt på avstand og lys frå eit punkt i nærleiken, som fokuserast av linsa

Det er linsa som sørgjer for at biletet som me og mange andre dyr ser, vert fokusert for å treffe korrekt på netthinna, ikkje like framføre eller like bak. Biletet som formar seg på netthinna, er eigentleg oppned, lik bileta i ein lysbileteframsynar.

Døgnrytmen
Av dei mange millionar gangliecellene i netthinna, er 1-2% lysfølsame ved fotopigmentet melanopsin. Desse har ikkje noko med syn å gjere. Signala deira forlèt synsnerven og kjem fram til SCN (suprachiasmatic nuclei) i hjernen sjølv hjå mange blinde. Denne lysinformasjonen, som går gjennom den retino-hypothalamisk stien (RHT, for retinohypothalamic tract), regulerer den biologiske klokka, døgnrytmen.

I tillegg til effekten på døgnrytmen, har dei lysfølsame gangliecellene to andre oppgåver:

  • regulering av pupillestorleiken, og
  • stans av produksjonen i epifysen av hormonet melatonin og akutt forvising av melatonin frå blodet ved sterkt lys.

Enkle «augo»[endre | endre wikiteksten]

Euglena med stigma (2) som er ein raud flekk som er følsam for lys

Mange dyr kan skilje mellom lys og mørke utan å kunne sjå former eller rørsler eller eingong sanse kva for retning lyset kjem frå. Sjølv hjå eincella organismar, til dømes euglena [1][2], er ein flekk med lysfølsame protein vanleg.[3] Også meir avanserte dyr, som til dømes nokre av sniglane, kan berre sanse lys/ikkje lys i omgjevnaden. Slike «augo» kan synkronisere døgnrytmen dagleg, gje informasjon om årstider (då lengda på lyse og mørke periodar endrar seg frå dag til dag) og tillate dyret å søkje til eller gøyme seg for lys.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Auga
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.