Astrildar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Astrildar


Sivastrild Neochmia ruficauda Foto: André Karwath
Sivastrild Neochmia ruficauda
Foto: André Karwath

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Estrildidae

Astrildar er ein biologisk familie Estrildidae av ca. 140 artar små sporvefuglar med leveområde i «den gamle verda» og Australia. Som burfuglar blir dei ofte kalla praktfinkar.

Dette er frøetande flokkfuglar, ofte kolonihekkande, med kort, kraftig, rett nebb. Artane har mest eins kroppsform, men skil seg mykje i farger og mønster i fjørdrakt.

Alle astrildar byggjer store, nær kuleforma reir og legg mellom 5-10 kvite egg. Somme artar i slektene Lagonosticta og Pytilia er vertar for hekkeparasitterande artar av enkjefamilien, Viduidae.

Dei fleste artane i familien krev varmt, ofte tropisk klima, men en del artar har tilpassa seg eit noko kaldare klima sør i Australia.

Den minste arten er svarthovudastrild, Nesocharis shelleyi som måler berre 8,3 cm, medan den lettaste arten er gråastrild, Estrilda troglodytes som veg 6 gram. Den største arten er javaisfugl, Padda oryzivora som måler 17 cm og veg 25 g.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Astrildar