Fjørdrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulik fjørdrakt Forskjellig fjørdrakt hos blåtjukknebb mellom, frå øvst til nedst, ein hann i paringsdrakt, ein hann i vanleg drakt, ein hofugl og ein slektning, indigospurven.

Fjørdrakt viser både til fjørene og duna som dekker ein fugl, fargen og mønsteret dei har, og korleis dei er plasserte på kroppen. Fjørdrakta kan variera innan ein fugleart ut frå alder, kjønn og årstid, og innan ein art kan det òg finnast ulike fargekombinasjonar uavhengig av desse faktorane. Ornitologar og fuglekikkarar kan bruka fjørdrakta til å skilja mellom ulike artar og til å læra noko om enkeltindividet dei ser på.

Ulikskaper mellom ulike fuglar[endre | endre wikiteksten]

Talet på fjører ein fugl har på kroppen varierer, først og fremst etter storleik. Ei låvesvale har rundt 1 500 fjører og ei songsvane rundt 25 000.

Grunnleggjande og alternativ fjørdrakt[endre | endre wikiteksten]

Neste alle fugleartar myter minst éin gong i året, vanlegvis etter paringstida. Mytinga etter paringa fører til ei fjørdrakt kjend som den grunnleggjande fjørdrakta. Mange artar myter også før paringa. Fjørdrakta dei har då blir kalla den alternative fjørdrakta. Denne har ofte sterkare fargar enn den grunnleggjande fjørdrakta for å tiltrekka seg makar, men kan også ha som føremål å skjula fuglar som ligg på egg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.