Astronomer mot orddeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Astronomer mot orddeling (AMO) er ein norsk organisasjon som arbeider mot fenomenet orddeling (eigentleg særskriving). Pr. 24. oktober 2006 hadde organisasjonen 7347 medlemmer.

AMO er ikkje ein organisasjon i konvensjonell forstand, men meir ein bevisstgjeringskampanje utan nokon av dei organa ein normalt forbind med organisasjonar. På heimesida deira er det bilete av feilaktige orddelingar i ulike samanhengar, for eksempel på butikkskilt, for å gjera oss merksame på galen språkbruk i samfunnet. I vedtektene på nettsida deira blir likevel omgrepet «organisasjon» konsekvent bruka som nemning. Medlemmene blir kalla sjefar og er nummerert etter når de meldte seg inn. Leiinga er sett saman av eit overhovud, ein president og ein adm. direktør. Desse må oppfattast som tomme titlar.

Namnet er ein referanse til AMOs opphav: Organisasjonen vart stifta av astronomistudentar ved Universitetet i Oslo våren 1996. Vedtektene, som berre består av tre paragrafar, slår fast at ein «trenger ikke engang å være astronom» for å vera medlem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]