Astronomisk stad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Astronomisk stad er det punktet på himmelkula der ein observerer ein himmellekam. Om ein korrigerer observasjonane for lysbryting i atmosfæren (refraksjon), finn ein den tilsynelatande staden. Om ein òg korrigerer for rørsla til observatøren (aberrasjon), finn ein sann astronomisk stad. Dette endrar seg periodisk på grunn av nutasjon. Om ein korrigerer observasjonen for verknaden av nutasjonen, får ein himmellekammiddelstad. Middelstaden endrar seg med presesjonen og vert derfor oppgjeve for eit bestemt tidspunkt (epoke). Dersom himmellekamen har ein målbar parallakse, skil ein mellom geosentrisk og heliosentrisk stad, som refererer seg til sentrum i høvesvis jorda og sola.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Astronomisk sted. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.