Asunción

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asunción
by
Panteon Asuncion Paraguay.jpg
Panteón de los Héroes i Asunción.
Land Flag of Paraguay.svg Paraguay

Asunción
25°18′0″ S 57°37′0″ W
Wikimedia Commons: Asunción

Asunción er hovudstaden i Paraguay. I tillegg til å husa regjeringa er han òg den største hamne- og industribyen i landet, og eit viktig kulturelt knutepunkt. Innbyggjartalet er 1 304 087 (1992).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Asunción er ein av dei eldste kolonibyane i Sør-Amerika, og er kjend som Mor til byar fordi mange ekspedisjonar som skulle grunnleggja fleire byar på kontinentet la ut herfrå. Sjølve byen blei grunnlagd 15. august 1537 av Juan de Salazar og Gonzalo de Mendoza. Han fekk namnet Nuestra Señora de la Asunción ('Vår Frue av himmelfarten').

I 1731 var byen skodeplass for eitt av dei første opprøra i det spanske koloniveldet. Opprøret var leia av advokaten José de Antequera y Castro, som blei teken til fange og avretta.

Etter at Paraguay tapte Trippelalliansekrigen i 1870 blei Asunción okkupert av brasilianske styrkar fram til 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Asunción
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.