Trippelalliansekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trippelalliansekrigen

Dato 1864–1870
Stad Sør-Amerika
Resultat Fullstendig tap for Paraguay
Partar
Paraguay Paraguay  Argentina Argentina,
Brasils flagg Império do Brasil,
 Uruguay Uruguay
Kommandantar
Francisco Solano López Bartolomé Mitre, Hertugen av Caxias, Venancio Flores
Styrkar
I begynnelsen av krigen, ca. 50 000 I begynnelsen av krigen, ca. 26 000
Tap
ca. 300 000 soldater og sivile 90 000 til 100 000 soldater og sivile

Trippelalliansekrigen, også kjend som Den paraguayanske krigen eller Den store krigen, blei utkjempet frå 1864 til 1870 mellom Paraguay på eine sida og dei allierte landa Argentina, Brasil og Uruguay på den andre. Krigen var ein av dei blodigaste konfliktane som har føregått på det amerikanske kontinentet.

Krigen braut ut seint i 1864 som resultatet av ein konflikt mellom Paraguay og Brasil etter Uruguay-krigen. Bakom låg etterdønningar etter koloniseringa av Latin-Amerika, kampen om fysisk herredøme over den strategisk viktige Rio de la Plata-regionen, Brasil og Argentina si innblanding i den interne politikken i Uruguay, britiske økonomiske interesser i regionen og utvidingsambisjonene til den paraguayanske presidenten Francisco Solano López.[1] Argentina og Uruguay gjekk inn i krigen mot Paraguay i 1865, og han blei dermed kjend som Trippelalliansekrigen.

Utfallet av krigen blei eit fullstendig nederlag for Paraguay. Etter at trippelalliansen nedkjempa Paraguay i ein konvensjonell krig, blei konflikten endra til ein utmattande geriljakrig som etter kvart reduserte heile den paraguayanske befolkninga, både den militære og den sivile. Eit anslag av dei totale tapa i Paraguay – gjennom både krig og sjukdom – har vore så høgt som 1,2 millionar personar, eller 90 prosent av befolkninga før krigen.[2] Eit kanskje meir nøyaktig anslag set dei paraguayanske tapene til ca. 300 000 av dei 500-525 000 førkrigs-innbyggjarane.[3]

Det tok mange tiår før Paraguay klarte å reisa seg att frå kaoset og den demografiske ubalansen landet var blitt sett i. Paraguay var ein av de første republikkane i Sør-Amerika, men det var ikkje før i 1993 at Paraguay hadde sitt første demokratiske presidentval. Krigen førte til slutten på slaveriet og keisardømet i Brasil, og førte til at militæret fekk ei nøkkelrolle i landet. For Argentina blei utfallet ei modernisering av heile landet. Brasil og Argentina gjekk etter krigen ut av si rolle som intervensjonistar i den interne politikken til Uruguay.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Miguel Angel Centeno, Blood and Debt: War and the Nation-State in Latin America, University Park, PA: Pennsyvania State University Press, 1957. Side 55.
  2. Byron Farwell, The Encyclopedia of Nineteenth-Century Land Warfare: An Illustrated World View, New York: WW Norton, 2001. Side 824.
  3. Jurg Meister, Francisco Solano López Nationalheld oder Kriegsverbrecher?, Osnabrück: Biblio Verlag, 1987. 345, 355, 454-5.
  4. Scheina, 331.
Litteratur
  • Denne artikkelen inneholder materiale fra Library of Congress Country Studies, publikasjonar frå styresmaktene i USA, som er frigjevne som public domain.
  • Leuchars, Chris; To the Bitter End: Paraguay and the War of the Triple Alliance, Greenwood Press, 2002. ISBN 0-313-32365-8
  • Scheina, Robert; Latin America's Wars: The Age of the Caudillo, 1791-1899, Brassey's, 2003. ISBN 1-57488-450-6
  • Whigwham, Thomas; The Paraguayan War, University of Nebraska Press, 2002.
  • Fuglestad, Finn. Latin-Amerika og Karibias historie. Cappelen akademisk forlag, 1994.