Atholl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atholl
region
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Atholl
56°42′14″ N 3°47′38″ W
Kart over Skottland med omtrentleg plassering av distriktet Atholl
Kart over Skottland med omtrentleg plassering av distriktet Atholl

Atholl eller Athole (skotsk-gælisk Athall; gammelgælisk Athfhotla) er eit stort historisk område i Det skotske høglandet. I dag dannar det den nordlege delen av Perth and Kinross.[1] Det grensar mot Marr, Badenoch, Breadalbane, Strathearn, Perth og Lochaber.

Atholl var historisk sett eit mormaerdøme og seinare eit jarledøme. Den fyrste omtalte jarlen av Atholl var Matad, jarl av Atholl, som levde på 1100-talet. I 1703 blei tittelen for området gjort om til hertug av dronning Anne av Storbritannia. Tittelen held òg ei rekkje pretensiøse subsidiære titlar som kjem i tillegg. Desse omfattar marki av Atholl (oppretta 1676), marki av Tullibardine (1703), jarl av Atholl (1629), jarl av Tullibardine (1606 og 1676), jarl av Strathtay og Strathardle (1703), vicomte av Balquhidder (1676), lord Murray av Tullibardine (1604), lord Murray, Balvenie og Gask (1676) og baron Percy (1722). Baroniet Percy er ein del av britisk adel, alle andre titlar tilhøyrer den skotske adelen.

Retten for jarlane av Atholl til å halda tinghus for området blei avvikla i 1746 ved Vedtak om arveleg jurisdiksjon (Heritable Jurisdictions Act), og distriktet var deretter ein del av ein sheriff-rettskrins og seinare fylket Perthshire.

På skotsk-gælisk er namnet Athall, som er avleidd frå gamalirsk Ath-fhotla, «anna» eller «nye Irland». Fotla er det tradisjonelle namnet for Irland.

Byar og landsbyar i Atholl er mellom anna Aberfeldy, Ballinluig, Blair Atholl, Dunkeld, Logierait, Pitlochry og Weem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. M., Munro, David (2006). Scotland : an encyclopedia of places & landscapes. Gittings, B. M. (Bruce M.), Royal Scottish Geographical Society. Glasgow: Collins. s. 35. ISBN 978-0-00-472466-9. OCLC 225152110. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]