Jarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Om namnet, sjå namnet Jarl
Sigvalde jarl i illustrasjon til Olav Tryggvasons saga av Halfdan Egedius.

Jarl er ein norrøn tittel som vart brukt i England og heile Norden i vikingtida. Ein jarl var opphavleg ein hovding med makt over eit folk eller eit større område. Tittelen er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen[1].

Seinare fekk tittelen eit endra innhald, «kongens jarl», som styrte landsdelar eller heile land på vegne av ein konge. I dag finst tittelen som earl (eorl) i England, medan han har utvikla seg til mannsnamna Jarl og Jarle på norsk.

Den eldste nemninga tyder truleg 'fri mann av god ætt og høg byrd'. Tittelen erilaR, som finst på mange norske og vest-svenske runesteinar[2][3] frå urnordisk tid, skal då tyda herul og, i overført tyding, runemeister, kultprest; ein held føre at ordet også kan ha gitt opphav til jarletittelen.

Jarlens stordomstid[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over Birger jarl i Stockholm.

Tittelen jarl var nytta i mellomalderen for dei høgste adelsmennene i Noreg. Heilag-Olav hadde berre ein jarl, med rang etter kongen men over lendmann. Jarl var den høgste tittelen under kongen fram til Skule Bårdsson som første i Noreg fekk tittelen hertug i 1237. Etter Magnus Lagabøte sin hirdskrå er jarl likestilt med hertug i rettar og plikter, men får ikkje sitje i høgsætet ved kongen. Jarlenamnet vart gjeve til dei som står kongehuset nært (ektefødde søner, brør og nær inngifte). Orknøyane vart styrt av ein jarl, og då Island gav seg under den norske kongen i 1261 sende kongen ein jarl dit som sin representant. Den siste jarlen i Noreg var erkebisp Jørund, død 1309.

1200-talet forsvann tittelen frå Norden medan han vart igjen i England som adelstittelen earl. Ein earl har den tredje høgaste adelsrangen etter hertugane og markiane. Engelsk earl tilsvarar norsk og nordisk greve.

I Noreg har fleire jarleætter sett sitt preg på historia, som ladejarlane, og mørejarlane. I dei norrøne sogene blir tittelen «jarl» for Håkon jarl, og for dei andre hovdingane i jarleættene, ofte sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking.

Sverige vart òg styrt av jarlar med ulik makt. Den høgaste var riksjarlen, som etter kvart vart kalla Dux sweciae eller hertug av Sverige. Dei fleste av desse kom frå Bjälboætta. Birger Jarl var den siste og mektigaste av dei svenske riksjarlane.

Norske jarlar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Harald Hårfagre : hans ætt, historie og kongedømme av Gustav Heber, Oslo 1934 – (s.124 - om jarletittelen)
  2. Runehammeren på Innholmen Veblungsnes (EIRILAR WIWILA)
  3. Veblungsnes-runene Avisinnlegg 1980