Aucanquilcha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aucanquilcha
fjell
Aucanquilcha Volcano.jpg
Land Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 6 176 moh.
Koordinatar 21°13′12″S 68°28′6″W
Map
Aucanquilcha
21°13′0″ S 68°28′0″ W
Wikimedia Commons: Aucanquilcha

Aucanquilcha er ein vel 6 000 moh. høg stratovulkan i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile, vest for grensa til Bolivia. Han består av fleire overlappande kjegler langs ein lang rygg. Vulkanen har svak episodisk fumarole-aktivitet og store svovelavsetningar i toppområdet. Under istidene i Pleistocen var vulkanen dekt av ei over 45 km² stor iskappe som nådde ned til 4 600 meter over havet og laga store morenar. Det siste utbrotet til vulkanen skjedde for om lag 170 000 år sidan.

Fram til 1990-talet var ei svovelgruve i drift nær toppen av Aucanquilcha. Ho var då verdas høgstliggjande gruve, knytt til det som kanskje var verdas høgstliggjande køyrbare veg. Vegen er ikkje farbar for køyretøy i 2012. Ei arbeidarbrakke på ca 5 500 meters høgde var den høgste, permanente busetnaden. Gruvedrifta på vulkanen starta i 1913, og svovelen vart den fyrste tida frakta bort ved hjelp av lamaer. Ei 22 km lang taubane som kunne frakte svovelen ned i bøtter vart fullført i 1935. Etterkvart vart denne erstatta av ein veg som slyngjer seg mot toppen gjennom fleire hårnålssvingar, og var i stand til å bere 20-tonns dumperar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]