Lydteknologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Audioteknologi)
Gå til: navigering, søk

Lydteknologi er ein tverrfagleg vitskap, som tek opp i seg element frå fysikk, matematikk, romakustikk, psykoakustikk, elektronikk, signalhandsaming, kommunikasjon, programvare, etc. Fagområdet handlar om teknologien som ligg til grunn for opptak, distribusjon og attgjeving av lyd.

Stereofonisk attgjeving[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Stereofoni

Det er utvikla mange system for opptak og attgjeving av lyd. Tidlege system nytta ofte ein omnidireksjonal mikrofon til å registrera lydtrykk. Seinare vart det utvikla stereofoniske system. Ordet stereofoni er gresk og tyder (tredimensjonalt) rom. Tanken med stereofoni var å gje att eit tredimensjonalt lydbilete. Ordet stereo har difor ikkje noko å gjera med at vi i dag nyttar to kanalar for å gje att musikk. At dei fyrste stereofoniske systema, som vi enno i stort mon brukar, nyttar to kanalar kjem av at det let seg gjera å skapa ein nokonlunde god illusjon av ei stereofonisk attgjeving med to kanalar. Dessutan sette teknologien, og økonomien, grenser for kor mange kanalar ein kunne nytte, då systemet vart utvikla. Men prinsipielt er det ikkje noko i vegen for å nytta fleire kanalar for å oppnå ei betre stereofonisk attgjeving. Slike system finst, men om ein ser bort frå dei såkalla «surround-systema» utvikla for film/video, er dei ikkje i bruk kommersielt enda.

Lydomsettarar[endre | endre wikiteksten]

Lydomsettar er ei fellesnemning for mikrofonar og høgtalarar. Mikrofonar omset frå akustiske til elektriske signal, medan ein høgtalarar omset frå elektriske til akustiske signal. Ei anna nemning for lydomsettar er lydtransdusar.

Analog lyd[endre | endre wikiteksten]

Analog lyd er nemninga som vert nytta om lydsignal som er kontinuerlege både i tid og amplitude og elektronikken som handsamar dei og media som lagrar de. Ordet «analog» tyder «proporsjonal med» og vart tidleg nytta innan telekommunikasjon, der amplituden til dei elektriske signala som vert overførte er «analoge/proporsjonale med» lydtrykket ein mikrofon måler eller ein høgtalar genererer. Seinare vart denne nemninga overført til «analog elektronikk» og «analog lyd».

I byrjinga vart lydsignala handsama av analog elektronikk, som miksepultar, forsterkarar, etc. og lagra på lagra på analoge media, som magnetiske band og skiver.

Digital lyd[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Digital lyd

Omgrepet digital lyd viser til at analoge lydsignal vert tasta (sampla) og kvantiserte, slik at dei kan lagrast og handsamast av digital elektronikk. Dei fyste eksperimenta med å lagra lydsignal på digital form tok til på 60-talet, men det var ikkje før tidleg på 70-talet at det kom fart i utviklinga. Denon var ein av pionerane på dette området. Plateselskapet Decca var òg tidleg ute med digital lagring og i ein periode på 70-talet bygde dei sitt eige utstyr. Utstyr frå pinonertida på 70-talet hadde som oftast 16-bits AD-omformarar.

I 1982 var CD-mediet innført av Sony og Philips. CD-platene var langt meir robuste enn dei gamle grammofonplatene, men i den fyrste tida var det dårleg utval av musikk på dette mediet. For å auka utvalet så snøgt som mogleg var mange av dei fyrste utgjevingane på CD digitaliserte analoge opptak. Men utover 80-talet auka utvalet og salet av CD-spelarar skaut i veret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Lydteknologi

Lydopptak og attgjeving | Transdusarar | Analog lyd | Digital lyd | Lydsignalhandsaming | Distribusjon | Organisasjonar