Stereofoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blumlein mikrofonkonfigurashin.

Stereofoni, eller stereofonisk lydattgjeving (romleg lydattgjeving) er attgjeving av det romlege perspektivet i musikk, eller annan lyd. Ordet «stereofoni» er sett saman av dei greske orda στερεος (stereos), som tyder «rom», og φονη (foni), som tyder «lyd», eller «klang».

For at lyden skal attgjevast stereofonisk (romleg) må den romleg informasjonen takast vare på under opptak og det må nyttast attgjevingsutstyr som både er i stand til å attskapa stereofoniske opptak og som er rett plassert i lyttarrommet.

Stereofonisk attgjevening vert ofte assossiert med to kanalar, men talet på kanalar kan gjerne vera meir enn to. At det i praksis vert nytta berre to kanalar kjem av at teknologien sette ei øvre grense på to kanalar då stereofoniske grammofonplater vart innførte.

Eit to-kanals stereofonisk system er berre i stand til å attskapa ein illusjon av romleg lyd i ein avgrensa vinkel framom lyttaren. Meir avanserte stereofoniske system, som til dømes høgare orens Ambisonics (HOA), er i stand til å attskapa ein romleg dimensjon i eit tredimensjonalt rom. Dette vert ofte kalla 3D-lyd.

Ofte vert omgrepet «stereoutstyr», eller berre «stereo», nytta om lydattgjvingsutstyr generelt, men dette er ofte missvisande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]