Audun Sjøstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Audun Sjøstrand
Nasjonalitet Norsk
Fødd 11. april 1950 (70 år)
Radøy
Yrke Lektor
Periode 1985-1991
Sjanger Kriminallitteratur
Debut Hundemordet

Audun Sjøstrand (fødd 11. april 1950 på Radøy)[1][2] er ein norsk kriminalforfattar og lektor. Han debuterte i 1985 med kriminalromanen Hundemordet og fylgde opp med Ureint trav i 1987 og Valsekongens fall i 1991.[3]

Hovudpersonane i bøkene er lensmannen Peder Moe og lensmannsbetjenten Jørgen Asbjørnsen.[1] I debutboka, som var den fyrste reine kriminalboka som kom i skuleutgåve[3], etterforskar dei narkotikasmugling i Øygarden.

Han har arbeidd som lektor i den vidaregåande skulen og skrive i Gula Tidend. Han er bokmeldar i Bergens Tidende.

For Hundemordet fekk Sjøstrand Melsom-prisen i 1986, og for Valsekongens fall fekk han Rivertonprisen i 1991.[3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1985 – Hundemordet – kriminalroman
  • 1987 – Ureint trav – kriminalroman
  • 1991 – Valskekongens fall – kriminalroman

Litterære prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ragnar Hovland (1993). «Audun Sjøstrand: Valsekongens fall 1991». I Olav Hr. Rue. Bøker 1868-1992 : ein forlagsbibliografi. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 195. ISBN 8252140254. 
  2. Aftenposten Aften 11. april 1991, «Dagen din» s.9
  3. 3,0 3,1 3,2 Øystein Rottem (1998). «'Kriminelle' hjemstavnsdiktere - Idar Lind og Audun Sjøstrand». Norges litteraturhistorie : etterkrigslitteraturen : Vår egen tid 1980-1998. 3. Oslo: Cappelen. s. 679. ISBN 82-02-16426-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]