Bergens Tidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergens Tidende
Bergens Tidende 30. januar 1871 - framside.jpg
Type Dagsavis
Format Tabloid
(Fullformat før oktober 2006)
Første trykk 2. januar 1868
Målform Målformnøytral
Mest bokmål
(Bergenssaker: bokmål)
Regionavis for Hordaland og omegn (hovudsakleg Sogn og Fjordane)
Eigarskap Schibsted ASA (52,9%)
Nya Wermlands-Tidningens AB (20,0%)
Sparebanken Vest (9,6%)
Vital Forsikring ASA (7,2%)
Mindre eigarar (9,6%)
Redaksjonskontor Krinkelkroken 1
Postnummer 5020
Stad Bergen
Ansvarleg redaktør Einar Hålien  (2006)
Politisk redaktør Trine Eilertsen  (2006)
Nyhenderedaktør Anne Gjerde (perm.)
Kulturredaktør Jan H. Landro
Laussalpris kr 12,- (Hord./Sogn og Fj.)
kr 15,- (resten)  (2006)
Nettstad Bt.no

Bergens Tidende (BT) er ei avis som vert gjeven ut i Bergen i Hordaland og er fylkets største avis og den største utanfor Oslo. Avisa vart grunnlagd av Johan Wilhelm Eide og gjeven ut fyrste gong 2. januar 1868. Ho er ei av dei eldste norske avisene som framleis kjem ut.

Bergens Tidende har språkleg fridom for journalistane, men har også ein uformell politikk om at «bergenssaker» vert skrivne på bokmål, medan saker om nynorskkommunar og fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert skrivne på nynorsk.

Redaksjonelt er avisa ei liberal og partipolitisk uavhengig avis. Avisa støtta lenge partiet Venstre men vart med over då Det Nye folkepartiet vart etablert etter Venstres deling på Røros i 1972. Avisa har seinare fjerna all partipreferanse.

Avisa kjem ut dagleg, med eit magasinbilag laurdagar. Avisa gjekk over til tabloidformat i oktober 2006. Bergens Tidende sender også lokalfjernsyn dagleg på frekvensen til TVNorge.

Trykkeriet til Bergens Tidende held til i Drotningsvik og trykkjer ein del andre norske aviser for vestlandsregionen. Aviser som vert tryket er: VG, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Finansavisen og Vårt Land

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 91 956
2002 91 099
2003 90 087
2004 88 867
2005 88 054
2006 87 076
2007 87 668
2008 85 825
2009 83 086
2010 82 432

Eigarinteresse[endre | endre wikiteksten]

Bergens Tidende AS har direkte eigarinteresse i:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.