Auen Gregersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Auen Gregersen
Fødd8. februar 1803
Modum
Død2. januar 1876
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Auen Gregersen (8. februar 18032. august 1876) var ein norsk gardbrukar, kontorist og stortingsmann frå Modum i Buskerud.

Far til Gregersen var gardbrukar på Sønsteby i Modum. Sjølv tok han over Sønsteby etter faren, men frå 1828 var han gardbrukar på storgarden Modum. I 1837 vart han vald til den fyrste ordføraren i Modum herad, eit verv han hadde i mange år. Perioden 1841-60 var han sparebankdirektør.

Gregersen var 2. representant frå Buskeruds amtStortinget i 1848, medlem av næringskomite nr 1. Elles tida 1845-58 var han frå 1.-4. varamann ved vala til Stortinget.

I 1860 slutta Gregersen som gardbrukar og byrja som kontorist for baronen Gudbran von Gregersen i Budapest i Ungarn. Han døydde i Budapest i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914