Augebryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Augebryn

Augebryn (eller augnebryn) er ei rand med hår i andleta på menneske, plassert i panna rett over kvar av augeholene. Saman med augevippene, som er ei rad stive hår på randa av kvart av augeloka, skal augebryna verne augo mot at det kjem sveittedropar, vassdropar, hår og anna rusk inn på augo.

Forma og farga på augebryna og augevippene har mykje å seie for korleis andletet ser ut og korleis andletsuttrykket vert oppfatta og tolka. Difor legg særleg kvinner mykje arbeide i å forme og farge augebryn og augevipper.