August Schumacher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Schumacher
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1821
Tromsø kommune
Død

22. september 1896 (75 år)
Hasvik kommune

Yrke politikar

August Ferdinandt Schumacher (6. juni 182122. september 1896) var ein norsk handelsmann frå Tromsø. Han var stortingsmann 1874-79 frå Finnmark.

Schumacher var son til ein kjøpmann i Tromsø. Sjølv tok han til som fiskekjøpar, reiste då rundt i det nordlege Noreg med eige fartøy. Frå 1846 var han styrar og medeigar i fiskeværa Galten og Bøle på Sørøya i Finnmark, med bustad på Galten i Hasvik herad. I 1870 vart han eineigar av dei to fiskeværa.

Schumacher representerte Finnmark på Stortinget 1874-76 og 1877-79. Han var i begge valbolkane medlem i Næringskomite nr 1, men møtte ikkje på tinget i 1879-sesjonen. I 1875 vart han utpeikt til medlem av ein hamnekommisjonen som vurderte utbyggjinga av hamneanlegg i Finnmark.

Han døydde i fiskeværet Galten, 75 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]