Auguste Renoir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auguste Renoir
Le Moulin de la Galette (1876)
Etter badet (1885)

Pierre-Auguste Renoir, (25. februar 18413. desember 1919) var ein fransk målar og skulptør. Han vert rekna mellom dei fremste av dei impresjonistiske kunstnarane. Renoir er særleg kjend for sine motiv med unge kvinner, barn, blomar og landskap. Mellom dei aller mest kjende verka er Le Moulin de la Galette, Teaterlosjen og La Grenoullière.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Renoir var fødd i Limoges, og byrja som porselensmålar. 1862–64 gjekk han på École des Beaux-Arts i Paris. På denne tida trefte han Camille Pissarro, Alfred Sisley og seinare Claude Monet, og måla saman med dei to siste ved La Grenouillere og i Argenteuil. 1867–69 måla han ofte saman med Monet i Paris, dei første impresjonistiske landskapsbileta hans er frå denne tida.

Etter den tysk-franske krigen 1870–71 vart han interessert i Eugène Delacroix sin kunst. Hans interesse for Édouard Manet sine samtidsskildringar kom til uttrykk i fleire bilete, til dømes i Losjen (1874), som vitnar direkte om påverknad frå Manet. Andre sentrale verk frå denne perioden er Le Moulin de la Galette (1876) og Roarane et frukost (1881).

I 1881 drog han til Algerie og så til Italia, der han særleg interesserte seg for Rafael. Ein finn i denne perioden spor etter hans interesse for klassisisme; linja fekk større betydning, konturen større vekt. På vegen heim til Frankrike møtte han Paul Cézanne og måla ved l'Estaque. I denne såkalla «Ingreske» perioden skapte han verk som Les Grandes Baigneuses (1884–87) og i 1885 Etter badet, det siste er i Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo si eige. I slutten av 1880-åra gjekk han atter tilbake til ei meir målerisk form, med ein rikare, ofte raudtona koloritt.

Renoir vart råka av leddgikt og oppheldt seg mykje i Sør-Frankrike; i 1903 slo han seg ned i Cagnes-sur-Mer på Rivieraen og budde der livet ut. Kunsten hans gjekk over i ein ny fase, koloritten vart lysare, konturen meir oppløyst, og motiva endå meir solfylte enn tidlegare. Borna hans og hushjelpa Gabrielle var ofte modellane hans i denne perioden.

Sjukdommen forverra seg, og etter 1912 kunne han ikkje lenger bruke føter og hender. Han heldt likevel fram å måle, med penselen bunden til arma. Frå 1907 arbeidde Renoir også med skulptur og keramikk. Frå rullestolen skapte han i 1916 skulpturen Den sigrande Afrodite og relieffet Dommen over Paris, italienaren Guino stod for modelleringa. Både skulpturen og relieffet er i samlingane til Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Auguste Renoir

Kjelder[endre | endre wikiteksten]