Hopp til innhald

Aure sentrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aure
tettstad
Frå Aure
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Aure
Areal 0,54 km²
Folketal 636  (2024)
Folketettleik 1 178 / km²
Postnummer 6690 AURE
Kart
Aure
63°16′04″N 8°31′44″E / 63.26777778°N 8.52888889°E / 63.26777778; 8.52888889
Wikimedia Commons: Aure (village)

Aure er ein tettstad og administrasjonssenteret i Aure kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av Aursundet og har 636 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Aure har vore kyrkjestad frå 900-talet. Ei kyrkje frå mellomalderen vart riven i 1726 og ei ny krosskyrkje vart teken i bruk året etter. I 1924 slo lynet ned i kyrkja og førte til at ho brann opp.

Ovanfor Aure sentrum ligg Bergsfjellet med ei høgd på på 538 moh.[1]

  1. «Aure – tettsted». Store norske leksikon. 18. januar 2016. Henta 19. april 2018.