Kyrkjestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein kyrkjestad er ein stad der det ligg eller har lege ei kyrkje. Kyrkjestadane vart gjerne valde slik at det var enklast mogleg for folk å kome seg til kyrkje. Dei vart difor gjerne plassert i midten av soknet, og slik at tilkomsten var enklast råd. Langs kysten var landingstilhøva for båtar ein viktig faktor i valet av plassering.

Desse faktorane medførte at kyrkjestadane til dels vart plasserte på stadar der det ikkje var særleg mange fastbuande. Eit eksempel er Bakka i Sogn.

I mange tilfelle har folketal, ressursar og samferdsletilhøve medført at kyrkjestadane også vore stad for andre funksjonar, som kaupang eller sete for sorenskrivarembete. Eksempel på det første kan vere Veøya, og på det andre Solvorn

I somme tilfelle har det vore usemje om plassering av kyrkja, som med Husøy kyrkje.

Ein del kyrkjestadar har hatt kyrkje sidan kristendommen vart innført i Noreg1000-talet. Den eldste er Mosterhamn med mellom anna Moster gamle kyrkje.

I ein del tilfelle ligg kyrkjestadane der det før var gudehov. Det skal vere tilfelle i Mosterhamn, der Olav Tryggvason skal ha brent gudehovet og sett opp kyrkje i staden.

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.